Spørsmål:

Me er eit sogelag som ryddar og merkjer gamle ferdselsvegar og stiar. Stiane vert rydda og merkte med retningsskilt og stadnamnskilt. Me har òg sett i stand nokre gamle bruer. Me har sett opp skilt som varslar om at ferdsel skjer på eige ansvar. Har grunneigar eller me som merkjer stiane, noko ansvar dersom det skjer eit uhell?

Svar:

For at nokon skal koma i erstatningsansvar er det tre grunnvilkår som må vera oppfylte:

  1. Det må vera skjedd ein skade som har ført til eit økonomisk tap.
  2. Det må vera eit ansvarsgrunnlag.
  3. Det må vera samanheng mellom ansvarsgrunnlaget og skaden.

Dersom ein person som går på den merkte vegen skadar seg, må ein difor først finna ut om det finst eit ansvarsgrunnlag som fører til at laget eller grunneigaren kan koma i ansvar. Eit ansvarsgrunnlag kan m.a. vera ein avtale, ein lovregel eller ulovfesta reglar. I dette spørsmålet

er det det ulovfesta skuldansvaret som eventuelt kan vera aktuelt. Det går ut på at folk skal handla forsvarleg. Er handlemåten uforsvarleg og den fører til skade, kan gjerningspersonen verta ansvarleg.

Spørsmålet her vert følgjeleg om det er forsvarleg å merkja stien og på denne måten oppmoda folk om å ferdast på den aktuelle staden.Utgangspunktet og hovudregelen i norsk rett er at ein ferdast på eige ansvar i naturen. Dersom grunneigaren eller laget skal koma i ansvar, må det vera fordi stiane går i område der grunneigaren eller dei som merkjer, er kjende med at det er særleg fare, t.d. for ras. Vidare må bruer eller andre innretningar som ein set opp for å hjelpa folk fram, vera laga og festa på ein forsvarleg måte. Å varsla om at folk ferdast på eige ansvar eller at det er særlege farar, kan skjerpa kravet til merksemd hjå turgåaren. Grunneigaren eller laget vil likevel ikkje kunna fri seg frå eit skuldansvar for uforsvarlege handlingar eller unnlatingar, med ei slik ansvarsfråskriving.

Følgjeleg skal det mykje til før grunneigaren eller den som merkjer stien kjem i ansvar for skadar.