Fagleiar jordbruk i Norsk Landbruksrådgiving Vest SA: Dag-Arne Eide.

 

- Me trudde at ein kjøleg mai var gunstig, og at avlingane skulle verte gode. Det ser ut til å stemme bra.

Det fortel Dag-Arne Eide, Fagleiar jordbruk i Norsk Landbruksrådgiving Vest SA.

- Eg trur ikkje 2020 blir noko uår.  Slåtten er godt i gang rundt i fylket, og eg tykkjer at det ser ganske bra ut for avlingane til bøndene pr i dag.

 

Håpar på nedbør

- Siste dagane har me sett problem med tørke på tørkeutsette plassar. I alle fall i Nordfjord held Eide fram

No håpar han difor på nedbør etter at slåtten er ferdig. Dersom det ikkje kjem regn må dei som har høve til det nytte vatningsannlegg oppmodar Eide.

- Dersom regnet kjem må bøndene vere flinke til å få gjødsla fort ut. Eg håpar dei fylgjer godt med på værmeldinga, og at dei kastar seg rundt når dei har sjansen.