Søk

 

 

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Sogn og Fjordane Bondelag

  • Bruk ekstra midlar til opprydding etter Dagmar

    [03.02.2012] - Årets SMIL pott, må setjast av til oppryddingsarbeid etter orkanen i julehelga, skriv Eid Bondelag i eit brev til kommunen. Grunneigarane rundt i kommunen har eit stort oppryddingsarbeid føre seg med å rydde opp i skogteigar og setje opp øydelagde gjerder. Dette er eit svært farleg og tidkrevjande arbeid,men likevel eit arbeid som må gjerast og mange plasser vere ferdig til beiteslepp i Juni, heiter det i brevet.

  • Frisk opp kunnskapen om Miljøplan

    [02.02.2012] I februar tilbyr Norsk Landbruksrådgjeving oppfriskingskurs i Miljøplanarbeid. alle kursa går på kveldstid. Meininga er at deltakarane skal gå heim frå kurset med ein ajourført Miljøplan, seier ansvarleg i Norsk Landbruksrådgjeving Astrid Sandvik.

  • Gaupejakta starta 1. februar

    [02.02.2012] Rovviltnemnda i Region 1 har opna for kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane i 2012. Jakttida er 1. februar til 31. mars. For å jakte gaupe må ein ha løyve av grunneigar.

  • Eidabønder vert invitert med inn i framtida

    [01.02.2012] - Det er viktig å fokusere på framtida for yrket vårt og på dei moglegheitene som ligg der seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle. Onsdag den 8. februar klokka 20:00 inviterer Eid Bondelag i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane til debattmøte om framtidsbonden i Eid.

  • Korleis kunne auke norsk matproduksjon årleg med 1% ?

    [31.01.2012] - Noreg har no den den største relative befolkningsveksten i Europa. Vi må såleis auke matproduksjonen for å halde på sjølvforsyningsgraden vår. Matproduksjonen må på verdsbasis aukast med 70% innan 2050 for då å kunne fø 9 milliardar menneske, sa Stortingsrepresentant Erling Sande på møte i Gloppen.

  • Viktige oppgåver ventar i vassområda

    [30.01.2012] Karakteriseringa av vatnet i vassregion Sogn og Fjordane skal snart vere ferdig. I vår startar arbeidet med å finne dei vesentlege utfordringane i kvart av dei fire vassområda i fylket.

  • Flora-politikarar vil bygge kunnskap om landbruket

    [27.01.2012] -I kveld er eg her først og fremst for å lytte, sa ordførar Bengt Solheim Olsen (H) då han møtte bønder i Flora på Bondekafé i Eikefjord. Varaordførar Jan-Henrik Nygård (V) var også tydeleg på at han ønskjer meir kjennskap til landbruksnæringa i kommunen.

  • Industribær må styrkast

    [26.01.2012] - Industrien etterspør norske bær til sitt syltety, utan at vi greier å levre dette i tilstrekkeleg grad seier leiar i Grøntutvalet for Vestlandet Brit Brækhus. Ved årets jordbruksforhandlingar må det stimulerast til ein betre økonomi i produksjonen av industribær held ho fram.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 8 av totalt 498 artikler
Publisert 21.11.2008 - sist oppdatert 26.04.2011

Sogn og Fjordane Bondelag, Hafstadvegen 39, 6800 Førde,
 tlf: 57 83 70 80, sogn.fjordane@bondelaget.no  
Ansvarlig redaktør Merete Støfring

Kalender

Februar 2012
Ma Ti On To Fr
  12345
678 9101112
13141516171819
20212223242526
272829    
       
CorePublish publiseringsløsning