Før endeleg styrehandsaming hadde saka vore ute til høyring hjå eigarane og den offentlege landbruksforvaltnina i bladet sitt nedslagsfelt på Vestlandet. Få ynskte ei full avvikling av bladet, men mange peika på overgang til abonnementsblad og ei samordning med Bondevennen som alternativ til noverande modell med fulldistribusjon. Dessutan var fleire inne på at det skjer ei rask utvikling med meir og meir informasjon på internett.
Ingen av eigarane sa seg viljuge til å dekke høgare kostnader etter at Nortura hadde vedteke å trekke seg ut. Alternativet fortsett fulldistribusjon ville difor medføre ytterlegare reduserte kostnader. Det låg føre eit alternativ som synte at dette var kunne late seg gjennomføre gjennom 3 færre papirutgåver pr. år, kombinert med ei rimeleg nettsideløysing for elektronisk informasjon i tillegg.
Alternativet med fulldistribusjon fekk likevel berre ei røyst i styret. Fleirtalet, med Tine som den største eigaren, vurderte tida som moden for å endre bladpolitikken og gjekk inn for avvikling av bladet. I vedtaket opna ein samstundes for at Bondevennen kunne føre vidare arbeidet med landbruksinformasjon også i området frå Sunnhordland til Sunnmøre. Endeleg vedtak skjer i årsmøtet i P/L Vestlandsk Landbruk. Møtet vert avvikla som ein del av det årlege møtet i Samarbeidsrådet i Bergen 9. september.
