Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Val 2011: Drøftar rovviltpolitikk i Gaupne

Publisert 23.08.2011

- Vi har tru på ein god debatt om fylkespolitikarane sitt ansvar for rovviltpolitikken i kveld, seier fylkesleiar Per Hilleren som saman med Marit Flatjord skal vere møteleiar. Møtet tek til klokka 18:00 på Rådhuset i Gaupne og er ope for alle interesserte.

På programmet står ein nøytral gjennomgong av situasjonen når det gjeld rovvilt i fylket ved fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.  Arne Øvreås skal orientere om korleis beitenæringa ser på situasjonen medan fylkespolitikarane vil verte utfordra på å kome med sine svar på dei spørsmåla som Arne Øvreås stiller.  Møtet vert skipa til i eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Bondelag, Sankelaga i Luster og Luster kommune.

Heile programmet for møtet finn du her

CorePublish publiseringsløsning