Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Strukturdebatt og mjølk prega årsmøtet i fylkeslaget

Publisert 10.03.2010

- Det tener ingen at dei som har satsa på ei framtid i landbruket også bukkar under saman med dei som allereie er i avviklingsmodus, sa leiar i Vikane Bondelag Lidvin O Hage i si innleiing til fylkesårsmøtet. Han stilte spørsmål ved korleis Sogn og Fjordane kan oppretthalde sin relative del av mjølkeproduksjonen i landet med så mange bønder i avviklingsmodus.

Han er ikkje i tvil om at det må nyinvesteringar til, og at dagens politikk mest er til for dei som vil avvikle og ikkje for dei som vil satse.  Han synte både til ordninga med kvoteleige og til kjøp og sal av kvotar som er med på å drive kostnaden i veret for dei som skal produsere mjølk i framtida.  Han var også svært tydeleg på at dagens investeringsverkemidlar ikkje er gode nok.  Taket for investeringsstøtte må hevast mykje eller helst fjernast var hans tydelege bodskap til 2. nestleiar i Norges Bondelag Brita Skallerud.   - Utviklinga går sin gang og vi må også få høve til å vere med på den teknologiske utviklinga her på Vestlandet.  Skal vi få til det må det kunne synast til positive tal for dei som har satsa.  Det må syne att at det nyttar,Lidvin Hage ynskjer ei satsing på mjølkeproduksjonen på Vestlandet. og at det er ei framtid i å investere i mjølkeproduksjon i eit fylke som Sogn og Fjordane, held Hage fram.

I debatten i etterkant av Hage og Skallerud sine innlegg kom fleire av utsendingane, som har satsa og bygd, med frustrasjon over ikkje å få forståinga for dei vala som er gjort med sikte på å kunne halde fram som mjølkeprodusentar.  Det må ikkje vere slik at det vert negativt å satse og legge ned stor eigeninnsats - vi burde få applaus for at vi har gjort slikt val, vart sagt frå fleire.

 

Her finn du bilete frå fylkesårsmøtet

CorePublish publiseringsløsning