Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Store mulegheiter og store utfordringar med vindkraft i Solund

Publisert 05.09.2011

- Det er viktig at både grunneigarane og vertskommunen får sin rettmessige del av verdiskapinga når det skal satsast på vindparkar, sa prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget på folkemøte om to store vindkraftanlegg i Solund nyleg. - Og utbyggjarane må ha gode prosessar mot lokale eigarar, slik at desse får høve til å påverke både avtaleverk og konkrete løysingar, heldt Engvik fram.

Stort frammøte på folkemøtetInteressa frå grunneigarar, andre fastbuande, hytteeigarar og interesseorganisasjonar var enorm då NVE nyleg inviterte til folkemøte i Solund om dei to vindkraftprosjekta Ytre Sula og Ulvegreina. Det var fullsett sal i grendahuset, og ekstrastolar måtte til. Planane for Ytre Sula vindpark og Ulvegreina vindpark slik dei ligg føre i utarbeidde konsesjonssøknadar med konsekvensutgreiingar vart presenterte av utbyggingsselskapa. Etter presentasjonsrunden fekk dei frammøtte høve til å stille spørsmål og gi kommentarar. Dei formelle innspela til planane skal sendast skriftleg til NVE innan høyringsfristen 10. oktober.

Folkerøysting

- Dette er ei stor og viktig sak for kommunen, og kommunestyret har vedteke rådgjevande folkerøysing om saka før kommunen gir uttale, sa ordførar Gunn Mongstad. - Vi er no i forhandlingar med utbyggarane. - Om det vert utbygging, må kommunen sitje att med inntekter, understrekte ho. Og i etterfølgjande debatt vart utfordringane med dette fokusert i eit innlegg av Solveig Prestegard frå advokatfirmaet Lund & Co, som kommunen hadde engasjert. - For større vasskraftutbyggingar Ordførar Gunn Mongstad er det etablert ordningar med naturressursskatt og konsesjonskraft som gir kommunane betydelege inntekter. For vindkraft har ikkje kommunane nådd gjennom med tilsvarande krav. - Einaste moglege inntektskjelder for vindkraftutbygging i dag er eigedomsskatt og støtte til avbøtande tiltak, slo ho fast og føydde til at vindkrafta i Solund er "indrefiltet, som ikkje må seljast for billeg".

Begge dei presenterte prosjekta i Solund er store og ligg i område med svært gode vindressursar. Samla vil dei kunne gi ein produksjon på over 0,8 TWh. Til samanlikning er heile den norske el-produksjonen ca. 130 TWh. Ytre Sula har dei aller beste vindressursane, men er kanskje også det mest kontorversielle prosjektet som følgje av landskapsinngrepa. Samstundes såg det ut til at dette prosjektet var best lokalt fundert, med fleire vestnorske eigarar, forretningsadresse Hardbakke og forankring hos ein av eigarane, Sunnfjord Energi.

Sakshandsamar Ingvild Pernille Haugen frå NVE orienterte om prosessen

Verdiskaping og miljøulemper

På folkemøtet var dei negative haldningane i fleirtal. Mange nemnde støy og negative verknader for landskapet. Samstundes kom mange av av dei kritiske kommentarane frå møtedeltakarar som ikkje budde i Solund, men som hadde tilknytning som hytteeigarar og organisasjonsfolk. - Vi treng ny aktivitet og ny næringsverksemd i kommunen, heldt grunneigarrepresentanten frå Ytre Sula, Steinar Krakhellen fram. Over 80% av grunneigarane hadde signert avtalar med utbyggjarane, kom det fram. Men også blant grunneigarane som får inntekter frå vindparkane, er det delte meiningar. Enkelte grunneigarar fryktar at inngrepa kan få store negative konsekvensar for landbruksdrifta og trivselen.

Bondelaget si rolle i denne og liknande saker er å arbeide for at det vert gode prosessar mellom grunneigarane og utbyggjarane der det er planlagt vindparkar, og at lokalsamfunn og grunneigarar vert tekne omsyn til og får inntekter av satsingane når det vert realisering av planane.

Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik

CorePublish publiseringsløsning