Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Småkraftseminaret: Linjer, konsesjonskø og elsertifikat i fokus

Publisert 19.12.2011

Kring 140 frammøtte på småkraftseminaret på Skei nyleg borga for at interessa for småkraftspørsmål held seg godt oppe. Deltakartalet var så høgt at arrangørane ikkje tok sjansen på å sleppe til publikum med spørsmål og debatt i plenum. Dette gjekk føre seg på "speakers corner" i pausane. Men det var liten tvil om kva dei frammøtte var ute etter: Avklaringar på linjebygging, konsesjonshandsaming og den nye elsertifikatordninga.

Øyvind Grundt frå NVEI tillegg til desse topp aktuelle tema fekk møtelyden gjennomgong av fleire andre viktige småkrafttema: Turbinval, røyrgate, miljøomsyn og finansiering.

Konsesjonskøen

Førstemann ut var Øystein Grundt frå konsesjonsavdelinga i NVE. Men over 600 småkraftsøknader journalført og eit tidspress for å få kraftverka i drift innan utgongen av 2020 for å få bli med i elsertifikatordninga, var mange spente på nyhende frå NVE. - Vi vil setje i verk fleire tiltak for å sikre framdrift i konsesjonshandsaminga, sa Grundt. - Frå nyttår kjem det ein eigen småkraftseksjon. Kvalitetskrava til søknadene vil bli skjerpa - mangelfulle søknader og søknader med sein framdrift frå søkjarane vil bli nedprioriterte. Klare avslagssakser vil gå raskare gjennoms systemet, med kort grunngjeving, slo Grundt fast. Men noko mål-tal for kor mange saker NVE bør greie i 2012, ville han ikkje driste seg på å gi opp.

Linjenettet

På kraftnettsektoren fekk forsamlinga lokale oppdateringar frå nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi og frå prosjektleiar Ove Bratberg i Statnett. Som kjent er det full stans både i nettilknyting og i konsesjonshandsaming på strekninga Ørskog - Sogndal no medan saka om linjebygginga framleis er til handsaming. Straks ankehandsaminga er ferdig i OED, vil NVE ta opp att sakshandsaminga av konsesjonssøknader. De som ha vore lagde til side, missar ikkje plassen sin i konsessjonskøen. For nettilknyting derimot er det opplyst at heile den nye lilnja må vere ferdig bygd før nye kraftverk kan koplast til. Og dette kan tidlegast skje i 2015, så sant OED kjem med avgjerda si no kring årsskiftet.

Elsertifikata

- Fylkeskommunen er postiv til satsing på fornybar energi, slo vararordførar Jenny Følling fast. - Ikkje minst elsertifikata som vi no veit kjem frå nyttår, vil auke interessa for satsing ytterlegare. - Sertifikata vil bli gjevne til alle godkjende, nye produsentar av fornybar kraft, pluss mikro- og minikraftverk bygde tilbake til 2004. Sertifikata vil vere eit verdipapir som kraftprodusentane kan omsetje i ein marknad, der prisen på førehand er ukjent. Men i Sverige, der ein har hatt sertifkatordninga i ei årrekkje, har prisen lege på i overkant av 20 øre pr. KWh, altså eit monaleg pristillegg. Statnett adminstrerer ordninga, medan NVE står for godkjenning av anlegg. Desse instansane arbeider no på høgtrykk med å få detaljert regelverk på plass og gir fortløpande informasjon.

Stort frammøte på Skei

Her er presentasjonane frå seminaret.

Av: Terje Engvik

CorePublish publiseringsløsning