Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Småkraftmøte på Skei 6. desember

Publisert 26.11.2011

Prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget sitt vind- og vasskraftprosjekt vil vere representert med stand når viktige småkrafttema vert gjennomgått på halvdags småkraftseminar på Skei tysdag 6. desember. På seminaret vil det mellom anna bli sett fokus på nettsituasjonen, konsesjonskøen og den nye elsertifikatordninga. Påmeldingsfrist til arrangementet er 1. desember

 Mange fallrettseigarar i Sogn og Fjordane ventar på utvikling og avklaring av viktige spørsmål for å komme vidare med planane sine om kraftverksutbygging. Når Sunnfjord Energi, Sparebanken Vest og Brødrene Dahl inviterer til småkraftseminar tysdag 6. desember kl. 12, er det eit solid lag som skal gi møtedeltakarane siste nytt frå småkraftsektoren.

I tillegg til de topp aktuelle tema om nett, konsesjonskø og elsertifikatfrist, vil ein få gjennomgang av prosjekteringsprosessen, turbinval, røyrgatebygging, miljøomsyn og finansiering av småkraftverk.

Påmelding skal skje til geir.flatjord@spv.no innan 1. desember.

Fullstendig Invitasjon med program for seminaret finn du her

Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik

CorePublish publiseringsløsning