Fulle linjenett på ulike nivå er eit velkjent fenomen for småkraftbransjen: Men situasjonen vart spissa då Sogn og Fjordane Energi nyleg skreiv brev til småkraftutbyggarar med ferske konsesjonar og varsla om at tilkopling ikkje kan skje før den nye 420 kV-linja gjennom Sogn og Fjordane til Ørskog i Møre og Romsdal står ferdig - uavhengig av kor belasta det lokale nettet ved kraftverket er. Initiativet er samordna med Istad Nett og Statnett.
Energiselskapa held fram at dei meiner den vidare planlegginga og konsesjonshandsaminga av nye småkraftverk må gå sin gong. Dei ynskjer nemleg å få oversyn over planane for å kunne dimensjonere framtidig mottaksnett korrekt. Småkraftutbyggarar som er i tidleg planleggingsfase, treng ikkje bli råka av den nye politikken. Det vert derimot dei som snart er klare til å ta til med investeringane.
- Det vert viktig framover å arbeide for å finne mellombels løysingar eller tilpassingar for dei fallrettseigarane som vert hardast råka, seier Terje Engvik. - Men i tillegg understreker saka den vanskelege nettsituasjonen vi har i store delar av landet, held han fram. - Styresmaktene vil ha meir, fornybar energi. Men denne energien får vi ikkje fram til kundane før både sentralnettet, regionalnettet og lokalnettet har fått auka kapasiteten vesentleg mange plassar i landet.
- Finansieringsordningane for investeringar i nett, står sentralt i dette biletet, peikar Engvik på. - Ein gjennomgong og revisjon av nettpolitikken må forserast. Når samfunnet etterspør ny, fornybar energi, er det ikkje rimeleg at investeringskostnadene einsidig skal belastast produsentar eller forbrukarar lokalt. Her må det til ein ny utjamningspolitikk som stimulerer til å få utført nødvendige nett-investeringar, avsluttar prosjektleiaren.
