- Utbygging av småkraft i verna vassdrag er mogleg, men ofte vil avgrensing av storleik på anlegget og på utnyttingsgraden for vatnet føre til for dårleg lønsemd, slo Terje Engvik frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt og Olav Osvoll frå Sunnfjord Energi fast. Tilsvarande røynsler hadde fleire av seminardeltakarane, som hadde vore med på prosessen då Nausta vart verna i samband med avsluttande supplering av verneplan for vassdrag i 2005. Samstundes som Stortinget vedtok dette vernet, opna dei for å søkje om småkraftverk opp til 1 MW i verna vassdrag.
- Mange meiner at regelverket i verna vassdrag burde ha vore meir fleksibelt, slik at prosjekta vart vurderte individuelt i høve til miljøulemper og ikkje skjematisk etter faste reglar, sa Engvik. - Vi har registrert konkret innsats for å få endra på noverande regelverk og praksis mellom anna i kommunane Stordal, Gloppen, Jølster og Samnanger. I Bjerkreimvassdraget i
Rogaland har Stortinget opna for å søkje om prosjekt opp til 3 MW, og dette gir mykje større spelerom. - Samstundes registerer vi sterke motkrefter mot å lempe på vedtekne verneplanar, sa Engvik. - Og etter retningslinene prioriterer NVE søknader i verna vassdrag ned i søknadsbunken sin. - Ei løysing for å komme vidare kan vere å få utarbeidd ein differsensiert forvaltningsplan for vassdraget, slik dei har gjort i Gaular, peika Olav Osvoll på.
- Før seminaret i Naustdal vart avslutta med synfaring på Frammarsvik Kraft, fekk deltakarane ein gjennomgang av samla småkraftressursar i kommunen, prosessen med planlegging av eit småkraftverk og ein gjennomgang av forhold knytte til vindkraftparkar. Vindtemaet var sett opp på bakgrunn av planane for Kyrkjestein Vindkraftpark på grensa mellom Naustdal og Flora kommunar.
- Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik
- Bondelaget sine temasider om småkraft som næringsveg
