Etter opningsdagen med fagseminar ved NVE held arrangementet i Haugesund fram i regi av Småkraftforeninga med houvdfokus på næringsplitikk og rammevilkår for småkraftnæringa onsdag 16. mars og to parallellseksjonar med akutelt småkraftstoff dagen etter. Ved avslutninga av arrangementet vert det også høve til å få med seg synfaring på småkraftverk i Vindafjord.
Etter opninga onsdag kjem to sentrale aktører for småkraftnæringa med hovudinnlegg - olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og leiar i energi- og miljøkomiteen Erling Sande. Etter ein runde med fokus på det framtidige kraftnettet ved informasjonsdirektør Tor Akselsen i Statnett vert det så paneldebatt med dei 3 innleiarane pluss Bjørn Lauritzen frå Småkraftforeninga og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og turlagsrepresentant Alvar Melvær - begge frå Sogn og Fjordane.
Her finn du fullstendig program for NVE sitt småkraftseminar og Småkraftdagane. Påmelding skal skje innan 1. mars.
