Arbeidsmøtet samla i alt ca 30 deltakarar med tilknytning til og interesse for småkraftutbygging. Frå Sogn og Fjordane Bondelag møtte styremedlem Elin Haugen i tillegg til prosjektleiar Terje Engvik. Småkraftforeninga og fleire engergiselskap og bransjeleverandørar var representert. Det same var kommunar og representantar for miljø- og naturvernorganisasjonar.
Arbeidsgruppdeltakarane som presenterte status for fylkesdelplanarbeidet så langt, var prosjektleiar Joar Helgheim i fylkeskommunen, Eli Mundhjeld frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen, Randi Holme frå NVE og Knut Åland frå fylkeskommunen. Dessutan møtte Oddgeir Årdal, landbruksavdelinga og Idar Sagen, fylkeskommunen frå arbeidsgruppa. Etter presentasjon av sakshandsamingsrutinane i NVE i småkraftsaker og faktadelen til fylkesdelplanen vart arbeidsmøtet engasjert i gruppearbeid, fordelt på 4 grupper og to hovudtema. Det viktigaste som stod att av arbeid med planen før utlegging av planutkastet på høyring seinare i haust, var framlegg til retningsliner. Her ville arbeidsgruppa gjerne ha innspel frå møtedeltakarane.
To hovudproblemstillingar var sette i fokus i gruppearbeidet: Sumverknader av småkraftverk i eit område og tema knytte til landskap - reiseliv og friluftsliv. Med ulik forankring og utgangspunkt hjå gruppedeltakarane sprikte synspunkta i gruppene ein del. Men mange viktige spørsmål vart debattert og belyst frå ulike vinklar. Prosjektleiinga takka for nye moment og vinklingar som vart kasta inn under arbeidmøtet. Så vert det høve for alle til å komme med formelle høyringsuttalar til planutkastet seinare i haust.
Småkraft, vindkraft og anna fornybare energi er også tema på ein dobbelt-konferanse på Campus Fosshaugane i dag i regi av Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dagen starter med seminaret "Reisa i fornybar-land" og vert avslutta med arbeidsmøte om fylkesdelplan for vindkraft. Program finn du her.
