Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Småkraft: For strengt i verna vassdrag

Publisert 13.11.2009

- Eg har personleg sans for å få utvida grensa for kva som kan tillatast utbygd i verna vassdrag frå 1 til 3 megawatt, sa leiar i energi- og miljøkomiteen Erling Sande på eit møte som Gaular kommune hadde kalla inn til denne veka. - Kommunen har store småkraftressursar som vi ynskjer skal gi verdiskaping på bygdene, sa ordførar Jenny Følling innleiingsvis til frammøtte fallrettseigarar og andre interesserte. - Men det aller meste av potensialet ligg i området som er omfatta av vassdragsvernet, og dette gir utfordringar, understrekte ho.

Ca 30 frammøtte høyrde Erling Sande informere om småkraft i verna vassdragI gjennomgangen sin peika Erling Sande på trongen for meir rein, fornybar energi i klimasamanheng. Han tok føre seg avvegingane mellom natur- og miljøomsyn på den eine sida og verdiskapings- og klimaomsyn på den andre sida og peika på at det no er 2 verna vassdrag i landet der det er opna for å kunne tillate småkraftverk inntil 3 megawatt. I tillegg til Bjerkreim-vassdraget i Rogaland har Vefsna i Nordland fått same status.

- Det er heilt klart trong for ei oppmjuking av regelverk og forvaltningspraksi for småskala kraftverk i verna vassdrag, sa prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt. - Skjematiske grenser er ikkje nokon god styringsreiskap for å ta vare på naturverdiar, sa han. - Fallrettseigarane bør få høve til å utnytte flaumvatnet der det ikkje gir konkrete miljøulemper, slo han fast. - Så får ein på den andre sida godta at enkelte prosjekt må få avslag når reelle miljøargument taler imot småkraftutbygging.

Fallrettseigar Torbjørn Thue var frustrert over lang sakshandsamingstid- Det største problemet for oss har vore den seige sakshandsamingstida, sa grunneigar Torbjørn Thue då han orienterte forsamlinga om røynslene. - 9 år etter at vi starta opp prosessen ventar vi no snart avgjerda på konsesjonssøknaden. Dei småskala kraftverka som er bygde i Gaular-vassdraget, representerer berre om lag 2% av potensialet i hovudvassdraget, og dei skader ikkje verneverdiane, peika han på. - Det er rom for meir utbygging. Også Thue var misnøgd med den skjematiske grensa på 1 megawatt i vassdraget.

Etter at Magne Geir Verlo frå NVE hadde orientert om sakshandsamingsreglar, kom det i debatten fram at det såg ut til at praksisen i det siste var blitt skjerpa når det gjeld krav om konsesjon i forhold til å late saka gå som meldingssak med handsaming i kommunen etter plan- og bygningslova. Verlo uttrykte at NVE heldt seg til ein stabil praksis. Men fleire hadde registrert at Fylkesmannen si Miljøvernavdeling såg ut til å ha skjerpa haldninga til konsesjonshandsaming i sine uttalar. Og full konsesjonshandsaming av prosjekt i verna vassdrag betyr at det kan gå ein god del år ekstra.

For spørsmål, innspel og røynsler om småskala kraftverk i verna vassdrag, kan ein ta kontakt med prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt småkraftprosjekt.

 

CorePublish publiseringsløsning