Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Småkraft: 420 kV linjene og konsesjonskøen

Publisert 15.04.2011

- Det er positivt for vidare utbygging av fornybar energi at det etter kvart kjem avgjerder om linjetrasear, seier prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt småkraftprosjekt. Det er likevel ein lang veg fram for mange bønder med fallrettar før dei kan vere i produksjon med nytt småkraftverk. - Delvedtak om bygging av etappar på 420 kV-linjene betyr diverre ikkje utan vidare at NVE tar opp att konsesjonshandsaminga av saker som ligg i køen. - Men ein del kommunar i Hordaland har fått tilstrekkeleg avklaring til at sakshandsaminga er teken opp att.

Transformatorstasjon og linjer i Samnanger - ikkje så vakkert, men nødvendigFor den lange strekninga på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane frå Ørskog til Fardal hjelper det diverre ikkje at Olje- og Energidepartementet har fatta delvedtak for strekningane Sogndal til  Moskog og Hundvikfjorden i Eid til Ørsta. Statnett opplyser at det må vere etablert ny linje frå Ørskog og sørover før etappar av linja kan takast i bruk til mottak av ny kraft. Også 300 kV linja mellom Sogndal og Aurland har nemleg kapasitetsproblem.

Konsesjonshandsaming på vent

Som ein konsekvens av nettsituasjonen har NVE lagt handsaminga av konsesjonssøknader for småkraftverk på vent for ei lang rekkje kommunar - dei aller fleste på Vestlandet. I Sogn og Fjordane gjeld dette alle aktuelle kommunar unntatt Lærdal og Aurland. På Sunnmøre gjeld det alle kommunane. Situasjonen er mykje den same i Nordhordland, medan Hardanger-kommunane for det meste er tekne opp til handsaming att etter vedtak om linjer og forsterkingar i nettet. Kommunane der NVE har stansa sakshandsaminga er Masfjorden, Modalen, Lindås og Vaksdal i Nordhordland og dessutan Kvinnherad og Jondal.

- At NVE legg til side søknader frå desse områda, er forståeleg så lenge det også er køar av søknader i område med nettdekking, seier Terje Engvik. Når det ikkje finst nett til kraftlevering, hastar det ikkje så mykje med konsesjon. Og søknadene held på plassen sin i konsesjonskøen, slik at dei vert tekne fram att så snart det ligg føre tilstrekkeleg avklaring om linjene.

Planar i Statnett

- Nettproblema for ny småkraft er altså størst på Sunnmøre og i nesten heile Sogn og Fjordane. Heile 130 konsesjonssøknader er lagt på vent i NVE frå dette området. Like fullt har Statnett som mål å ha linja ferdig om vel 4 år. Dette føreset at Olje- og Energidepartementet går for luftspenn heile vegen og ikkje vel kabling på strekninga Ørsta - Ørskog. - Og at alle avgjerder vert tekne i departementet i innverande år. Skulle kablingsalternativet bli vald i nord, vil dette bety ei forseinking på eitt år.

Målet er ferdig kraftverk - her Gjetingsdalen i Kvinnherad Jobb vidare med planane

- Grunneigarar med interessante småkraftprosjekt vert så langt det er mogleg, rådde til å arbeide vidare med planane, til tross for både konsesjonskø og nettmangel, seier Engvik. Elsertifikatordninga som truleg kjem frå neste år, vil føre til auka utbyggingsinteresse. Det gjeld å posisjonere seg slik at ein får høve til å få med seg meirinntekta som kjem frå sertifikata. Og ein kan jo ha von om at både konsesjonshandsaming og nettilknyting i beste fall kan skje noko raskare enn det ser ut til i dag. - Viss det er vilje til å vise fleksibilitet mot fornybarproduksjon utan magasinkapasitet, kan det kanskje vere mogleg å finne løysingar som kan opne for heil eller delvis nettilgong tidlegare enn varsla, avsluttar Engvik.

CorePublish publiseringsløsning