- Dette vart ei skikkeleg vitamininnsprøyting etter ein lang vinter, held ein begeistra lokallagsleiar fram. Han vil samstundes oppmuntre andre lokale Bondelag til å gjere noko liknande. Samarbeid er bra!!
Humørbonden Geir Styve med ”svart belte i humørbondeologi” haldt eit oppmuntringsføredrag kor han med humor og galskap ville skape glede, glød og begeistring.
Geir Styve, etterkommer av Fiskarbonden, er den einaste patenterte Humørbonden i landet. Han har utdanning og erfaring som logistikkoffiser i Forsvaret, bygningsingeniør, fabrikksjef, Master of Management BI og bedriftsrådgivar. Humørbonden snakkar med glede, glød og begeistring om garden sin Hjelmås og nærmiljøet i Nordhordland. Sist men ikkje minst er han levande oppteken av oppmuntringssaka i Noreg, særleg for dei som driv lokalsamfunnsutvikling eller skal etablere og drive små verksemder. Ein kjempeperson å lære av med tanke på bygdeutvikling.
Han ville takke Sponheim for at han var blitt ein Humørbonde fordi Sponheim under jordbruksforhandlingane i 2003 hadde sagt i ein pause kor han tydeligvis var ”trekt”: - ”Dei er ein gjeng sutrebønder!” Då hadde Styve reist seg frå stolen og sagt: -” Dondern deise, detta finn eg meg ikkje i! Her må det da finnest Humørbønder også!” Og slik vart det. Ein kjapp søknad på mail til patentkontoret og han fikk etter kvart HumørbondenR ( R har ein ring rundt seg) godkjent som varemerke. Humør er å overvinne fortvilinga med muntre midlar, sier han, noe som også er ankerfestet for vidare arbeid. Ja, også var han avhengig av ”Bankjen og Kåno”.
Før foredraget skulle haldast blei Styve invitert med på ein middag med lokalprodusert mat på ”Nærleiken” saman med representantar frå Bondelaget og Grendalaget. Her fekk laga fortalt om utviklinga i bygda og om planar vidare. Gro Samdal underhaldt med å kvee. Det var også tid til eit besøk på Slips-museet i Eikefjord. Styve lot seg begeistre over kva folket hadde fått til i Eikefjord. Han mente det rådet Tro, Lyst og Vilje i folket. Skulle man drive med Bygdeutvikling var det viktig å ”stå saman – samtidig – i same retning”, ”man oppmuntrar og utviklar kvarandre”. Han ynskte dei lykke til vidare i arbeidet, enten det var å utvikle garden sin eller potensielle i bygda. ”Gå i gang, og hold ut!” ”Slentring er også nyttig, det er tid som en ein bruker med andre!, til dømes på ein mjølkerampe med dinglande bein!”.
Livskraft =Vilje x Lyst x Tru
Helsing ein oppmuntra
Anne-Berit Espeseth
