I framlegget til forvaltningsplan for jerv medfører eitt av framlegga at yngleområdet for jerv vert utvida til å omfatte både Breheimen og Jotunheimen. - Dette vil medføre eit sterkare press mot beiteområda i Indre deler av Sogn og Fjordane og vil vere i strid med nasjonal rovviltpolitikk skriv dei to ordførarane. Høyringsfristen for saka går ut i morgon, og det vil vere rovviltnemnda i region 3 som tek avgjerd i saka.
Sogn og Fjordane Bondelag saman med næringsinteressene i Indre Sogn vil også kome med fråsegn i saka. - Vi er glade for at ordførarane har teke tak i saka ogs endt fråsegn, seier Merete Støfring som arbeider med saka for fylkesbondelaget.
