I eit brev til Direktoratet for Naturforvaltning stiller fylkesbondelaget spørsmål ved kvifor tek det så lang tid frå prøvane er tekne til resultatet ligg føre. - Vi er også interesserte i å få svar på kva som kan gjerast for å redusere tida frå prøvetaking til ferdig analyse, seier Støfring. I ein situasjon der bestandstala skal ligge til grunn for forvaltninga er det uhaldbart at desse analysene tek så lang tid. - Vi har stilt to korte og enkle spørsmål som vi forventar å få eit svar på frå Direktoratet for Naturforvaltning i løpet av kort tid, avsluttar Støfring.
Kontakt: Merete Støfring, 959 47 437
