I brevet som fagutvalet for rovviltsaker har skrive til nemnda heiter det vidare: Vi er nøgd med dei kvotar som nemnda har sett for lisensjakta på jerv dei siste åra, og uttaket som SNO gjorde våren 2009 vitnar om at de i nemnda gjorde rett. De skal ha ros for dette vedtaket. Likevel tillet vi oss no å vere noko frustrerte då vi ser at skadebiletet er vorte verre for Sogn og Fjordane i 2009. Det vil seie at uttaket av jerv i sum vart for lite også i 2009.
Skadebiletet grunna rovvilt er svært ulikt i region 1. Medan vi i Sogn og Fjordane opplever stor skade og rekordutbetalingar av erstatning i 2009 er rovvilt knapt tema i store deler av resten av regionen. Når rovviltnemnda i eit slikt høve presterer å avlyse møtet i januar med grunngjeving at dei ikkje har saker å handsame vert vi skuffa! Nemnda burde sjå ei stor oppgåve i å medverke til eit heilt anna skadebilete i Sogn og Fjordane enn det vi såg i 2009, og det som kan bli tilfelle i 2010 dersom ikkje rovvilt vert fjerna frå område. Det vil vere i tråd med vedteken nasjonal politikk for ein region og eit geografisk område der beitedyra skal ha prioritet fram om rovviltet.
Etterlyser korleis nemnda vil handtere skadebiltet i indre Sogn
Sidan møtet dykkar vart avlyst i januar spør vi konkret korleis nemnda skal handtere den akutte situasjonen i store deler av Sogn. Mattilsynet var på møte i kontaktutvalet på Leikanger før jul og er framleis tydelege på at det vert beitenekt i eit stort område dersom ikkje fleire jerv vert tekne ut frå området. Dette er ein situasjon de i rovviltnemnda ikkje kan leve med og det krev handling. Etterkvart som DNA-analysene frå møkprøvar av jerv tekne i 2009 kjem inn registrerer vi at det er funne spor frå tispe i fjellområda mellom Aurland og Lærdal der vi registrerte større tap i 2009. Vi kan også lese ut frå møkprøvane at der er ei tispe i området ved Fortun. Det er framleis uvisst om dette er same tipsa, men i verste fall kan vi ha spor etter to tisper. Dette syner at skadepotensialet for komande beitesesong ikkje berre omfattar området på Leikanger og i Sogndal der skaden var stor i 2009, men store deler av Indre Sogn.
I Soria Moria II står det mellom anna følgjande: ” Det skal ikke være rovdyr som representerer skadepotensial i prioriterte beiteområder for husdyr og kalvingsområde for rein.” Sidan møtet dykkar vart avlyst i januar spør næringa difor konkret korleis nemnda skal handtere den akutte situasjonen i store deler av Sogn?
