- Derom vi ikkje lukkast med å byggje kunnskap om gaupejakt og skape engasjement for denne jakta i vårt fylke fryktar eg at gaupa kan skape store vanskar for saueeigarane i åra som kjem, held Støfring fram. På eit møte på Skei sist veke fekk kring 100 tilhøyarar på eit møte på Skei innblikk i ei jaktform som krev god organisering, mykje førebuing og effektive hundar om ein skal lukkast.
Det er opna for kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane (Region 1) i 2010. Jakttida er 1. februar til 31. mars. For å jakte gaupe må ein ha løyve av grunneigar. Bruk av bås til fangst av gaupe krev særskild løyve frå Fylkesmannen.
Du finn meir informasjon på Fylkesmannen si heimeside.
Du finn meir informasjon på Fylkesmannen si heimeside.
