- Det er ressurskrevande å invitere til 18 ulike møte i heile fylket, men eg kjenner at møterunda har vore viktig for å kunne danne oss eit bilete av aktiviteten i dei ulike laga, seier fylkesleiaren. Det har også vore viktig å få direkte tilbakemeldingar på den jobben vi gjer på fylkesnivå både på godt og vondt. - Eg registrerer at vi slit med å få til ei vi-kjensle i organisasjonen der også lokallaga opplever at dei er ein del av ein treledda organisasjon som arbeider mot eit felles mål med å sikre bonden best moglege rammevilkår, seier Hilleren.
Fylkesstyret vil oppsummere inntrykka frå regionsamlingane og dei innkomne ynskja om kurs med sikte på å kunne setje i verk konkrete tiltak som kan vere med å gjere arbeidet for lokallaga noko lettare. - Det er avgjerande at vi kan få til gode rutiner, for inntrykket er ikkje uventa at mange av dei mest aktive slit med tidsklemma, avsluttar Hilleren.
Her finn du bilete frå regionsamlingane
