Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Politikk: Møter fylkesstyra i Hordaland og Møre og Romsdal til drøftingar

- Det er eit mål å bli samde med styra i nabofylka om prioriteringar fram for årets jordbruksforhandlingar, seier fylkesleiar Per Hilleren. Saman med resten av styret møter han i dag fylkesstyra i Hordaland og Møre og Romsdal i Ålesund.

Fylkesleiarane Per Hilleren, Marta Meland og Arne Magnus Aasen saman med resten av fylkesstyra møteset i Ålesund i dag.Utviklinga i landbruket på Vestlandet går raskare feil veg enn utviklinga elles i landet, seier Hilleren.  Derom det skal vere reell meining i dei fagre orda om eit oppegåande landbruk i heile landet må det gjerast grep og prioritere distrikta og Vestlandet ved årets forhandlingar, held Hilleren fram.  Vi ser ein stadig sterkare konsentrasjon av produksjonen til nokon få område medan andre deler av landet tapar produksjon og Vestlandet tapar mest.  Ei gransking som er attgjeven i avisa Nationen syner også at det er påVestlandet at framtidstrua i næringa er lågast.  Difor må det gjerast grep og særleg gjeld dette for økonomien i dei grovforkrevande produksjonane og mjølkeproduksjonen spesielt.

På møtet i Ålesund vil jordbruksforhandlingane vere i fokus den første dagen medan den framtidige Stortingsmeldinga vil få fokus i morgon.  Ole Nicolai Skulberg frå Norges Bondelag sentralt vil innleie og delta i drøftingane som vedkjem Stortingsmeldinga.

CorePublish publiseringsløsning