Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Opprustinga av E39 vedkjem mange grunneigarar i fylket

Publisert 31.08.2010

Sogn og Fjordane Bondelag, i samarbeid med Gular Bondelag, har teke del i vegvesenet si høyring ved oppstart av regulerinsplanarbeidet for E 39 for Gular kommune. I svaret peikar bondelaget på at omsynet til jordvern og ulemper som vegen påfører landbruksnæringa må takst omsyn til i ein tidleg fase i reguleringsplanarbeidet. Bondelaget vil også ta initiativ til informasjonsmøte og at grunneigarar organiserer seg i kortidsgrunneigarlag eller interesseutval for å kunne fremje felles interesser, både i høve til reguleringsplan og ved seinar grunnavståing.

Grunneigarane må vakne og vere offansive i planfasen og ikkje vente til alle planer er vedtekne.  Det er viktig å kome tidleg på bana!Vegvesenet skal legge fram forslaget til reguleringsplan for E 39 for strekninga Birkeland- Sande på nyåret for vidare kommunal handsaming etter Plan og bygningsloven.  Det er såleis viktig å fremje landbruket sine grunneigarinteresser tidlegast mogleg i høve til reguleringsarbeidet.   Det er også viktig at einskidgrunneigarar så langt råd fremjar sine konkrete krav og ønskje overfor vegvesenet før reguleringsplanarbeidet er ferdigstilt.  Planarbeid knytt til strekninga Bjørset-Skei i Jølster er også nært foreståande.

I høyringsbrevet frå bondelaget vert det mellom anna peika på, at når det gjeld ulemper som vegen påfører landbruksnæringa, må vegvesenet allereide i planprosessen påverkast til å planlegge avbøtande tiltak som transport-  og tilkomstvegar, over- og undergangar, grøfter for drenering og kabelframføring, seier Oddvin Haugland som er sakshandsamar i fylkeslaget på saka.  Det er også viktig at det ved planlegginga av vegen i størst mogleg grad vert teke omsyn til trongen for vern av god dyrka jord, avsluttar Haugland som ser føre seg at dette vert ei stor og omfattande sak som vil vedkomme mange grunneigarar.

Komande onsdag og torsdag vert det skiap til ein større konferanse i Loen som vedkjem vidare traseval for E39 fråSkei og til Ålesund.  Fylkesbondelaget vil vere representert torsdagen på konferansen.

CorePublish publiseringsløsning