
I samband med at Statsminister Jens Stoltenberg, Kommunalminister Liv Signe Navarsete og kunnskapsminister Kristin Halvorsen vitja Flora og Solund i dag nytta Sogn og Fjordane Bondelag høvet til å levere eit opprop til Ministrane på vegne av landbruket i fylket.
- Vi som arbeider med spørsmål knytt til utviklinga av landbruket kjenner at frustrasjonen og likesæla breier om seg hos bønder i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet. Ordlyden vi ofte høyrer er følgjande: ” Eg held no på i nokon år til så lenge eg driv, men noko vidare drift av neste generasjon vert det dessverre ikkje på min gard.” Dette er ein situasjon vi opplever som svært alvorleg, og vi undrast på om alvoret er forstått hos dykk som styrer dette landet? Inntektsnivået er slik at om du er gjeldfri og driv svært godt så kan du skaffe deg ei brukande inntekt frå år til år, men der er ikkje ei inntekt som gjer det mogleg å investere i nytt driftsapparat i til dømes mjølkeproduksjonen, og samstundes kunne leve av det etter investeringa. Noko som er avgjerande om du skal kunne halde fram med å produsere mat basert på husdyrhald slik det er i Sogn og Fjordane, heiter det vidare i oppropet.
Å produsere mat og sikre matforsyning til eigen folkesetnad er ei grunnleggande problemstilling som mange i vårt land ikkje tek på alvor, då dei tenkjer at dette er noko vi med vår rikdom for evig kan importere frå andre deler av verda. Kan de som sit med makt og kunnskap om verda sin situasjon seie at det vil vere slik i framtida? Vil vi kunne importere det vi treng å ete inn i all framtid eller bør vi tenkje annleis?
Norske bønder har vore svært flinke til å rasjonalisere drifta si og på det viset kunne oppretthalde produksjonen av mat i Norge. Vi registrerer no at effektivitetskrava er vortne så store at svært mykje av produksjonsauken skjer på importert kraftfor. Noko som ikkje er med på å gje landet vårt ein auka sjølvforsyning. Bruken av importert kraftfor gjev heller ikkje den samfunnsmessige nytten som eit aktivt husdyrhald basert på grovfor gjev i form av ope landskap som grunnlag for reiseliv og naturbaserte opplevingar. Kvalitetane som landskapet og naturen gjev oss i Sogn og Fjordane er ofte ei grunngjeving for gründerar som vèl å etablere verksemda si i distrikta framfor i ein storby, skriv Sogn og Fjordane Bondelag i oppropet.
Oppropet vart overlevert til Statsministeren like etter at han hadde landa på flyplassen i Flora.


