Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Møtte ungdomsskuleelevar i Stryn

- Det er viktig å kome i dialog med ungdomane for å formidle kunnskap om landbruket og utdanningsmoglegheiter i landbruket, seier leiar i Stryn Bondelag Bjørn Rørtveit.

Informasjonsopplegget var knytt til skulen sitt tema utdanningsval, og starta i samla plenum for tre parallelle klassar på 9. skuletrinnet, der ein først synte DVD "På min gård vil jeg ha.." som skildrar ulike driftsformer i landbruket på landsplan, presentert på ein kreativ og ungdomeleg måte. Representat frå Sogn og Fjordane Bondelag orienterte om organisering og arbeidsoppgåver i Norges Bondelag, også sett i eit historisk perspektiv, der dagens utfordring vart streke under med trong for ein gravis auka matproduksjon. Lokallagsleiar og bonde i Stryn Bondelag, Bjørn Rørtveit,  skildra så gjennom bilde og ord si eiga storfedrift, der fornying av driftsbygning til dagens krav til dyrevelferd og arbeidsmiljø var sentralt. Han orienterte også om lokallagsarbeidet i Stryn Bondelag.

Dei neste 90 minutta vart det klassevis stasjonsundervisning á 30 min. om landbrukssamvirket ved: Unni Heggdal frå Tine, Lidvin Hage frå Nortura og Jørn Vartdal frå Felleskjøpet Agri. Dei informerte om eigen organisasjon, med spesiell vekt på organisasjonane si verdiskaping som grunnlag for ulike arbeidsplassar, kompetansetrong og lærlingeordningar , der dei unge vart oppfordra til å satse på utdannning og yrke knytt til landbruksnæringa og landbrukssamvirket sine organisasjonar.

 Unni Heggdal,Tine, informerer    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

Lidvin Hage, Nortura, informerer

Jørn Vartdal, Felleskjøpet Agri, informerer

CorePublish publiseringsløsning