Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane er ei samanslutning av ulike organisasjonar som arbeider for landbruket i desse to fylka. I brevet til Ministeren peikar Samarbeidsrådet på følgjande viktige element:
Det vil vere viktig å styrke og auke matproduksjonen i Noreg og på Vestlandet. Eit kvart land har ei plikt i å legge til rette for å sikre ein vesentleg del av matforsyninga til eigen befolkning. Med bakgrunn i befolkningsprognosar så har Noreg eit mål om å vere sjølvforsynt med om lag 50% av forbruket av landbasert mat.
Ta heile landet i bruk. Vi vil understreke at norsk matproduksjon skal skje i heile landet med utgangspunkt i dei ulike geografiske områda sine arealressursar og næringsgrunnlag, og med utgangspunkt i ein variert bruksstruktur. Dette vil kreve eit sett av verkemiddel som i sterkare grad enn i dag er tilpassa dei ulike landsdelane sine føresetnader for å produsere mat. Det vil samstundes vere avgjerande at verkemidlane vert utforma innan ramma av ein nasjonal landbrukspolitikk der tollvern og marknadsordningar er avgjerande element for å kunne utvikle landbruket på Vestlandet.
Fraktutjamning må vere ein del av ein aktiv landbrukspolitikk. I vårt land er frakt av varer ut til bonden og frakt av produkt frå bonden og inn til foredlingsanlegg og forbrukar ein vesentleg kostnad. Dersom vi ikkje sikrar mest mogeleg lik kostnad på innsatsfaktorar og lik betaling for levert vare vert distriktslandbruket skadelidande. Av denne grunn må fraktutjamning vere ein del av ein aktiv landbrukspolitikk. Det er ulike måtar dette kan finansierast på. Avgift på all omsett vare og tilskot over Jordbruksavtalen er to eksempel.
Økonomisk bærekraft på den einskilde gard og i foredlingsledda. Samarbeidsrådet meiner det er ein føresetnad for utviklinga av landbruket som næring at det er økonomisk bærekraft på den einskilde gard og at det er rammevilkår som sikrar økonomisk bærekraft i foredlingsledda. Meldinga må innehalde eit eige kapittel om korleis regjeringa ser føre seg å styrke inntektene til dei som arbeider i næringa.
Investeringsprogram. Det må setjast i verk eit investeringsprogram som kan styrke tradisjonell matproduksjon slik at ny teknologi også kan kome i bruk på mindre driftseiningar enn det som er økonomisk rekningssvarande i dag.
Innovasjon og nyskaping. Samarbeidsrådet meiner det er viktig at meldinga tek opp korleis ein ser føre seg å legge til rette for innovasjon og nyskaping i næringa sett i lys av dei utfordringane og moglegheitene som eit endra klima gjev. Det vedkjem tema som energiproduksjon, handtering av gjødsel, binding av CO2 og infrastruktur med sikte på ein betre bruk av skogareala.
Rekruttering. Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane meiner meldinga må fokusere på legge vekt på korleis det skal leggast til rette for å betre rekrutteringa til næringa
