- Det vart etter 2008 ei geografisk områdeinndeling av 100- metersbeltet i strandsona for eit strengare og betre tilpassa vern, for å sikre strandsona sin biotop og ein best mogleg tilpassa ferdsel og aktivitet. Kategorien 2 og 1 fekk det strengaste regime for vern, der 1 til dømes gjeld for Oslo- fjordområdet. Sogn og Fjordane vart plassert i område 3 med den mildaste form for vern. Med utgangspunkt i dette informerte Heidi Sandvik om eit aukande omfang av dispensasjonssøknadar for bygg knytt til 100- metersbeltet i strandsona også i vårt fylke, med 84 saker i 2004 og 145 i 2010, der ho presiserte at dette er ei utfordring for sakshandsaminga i kommunane og må avgrensast.
Flora kommune vart trekt fram som ei kommune med store utfordringar og mange dispensasjonssøknader for bustadbygging, hytter, naust og for bygging knytt til næring. Representant for Flora kommune peika på at det er ei utfordring å kunne unngå slike dispensasjonssøknader i kystbyen, og ho rekna med at ho vil måtte handsame slike saker også i framtida.
- Sandvik viste elles til eksempel på at det kunne vere fornuftig å planlegge og bygge felles moloar knytt til strandsona, i staden for at den einskilde byggjer dette for seg sjølv på sin eigedom. Slike fellessaker vil i større grad kunne realiserast gjennom det nye kommunale plansystemet, der ein vil kunne ta omsyn landskap, estetikk, ferdsel og fellesinteresser i strandsona.
- Eit nytt plansystemet med sterkare kommunale føringar gjennom Plan - og bygningslova på saker knytt til strandplanlova skal setjast i verk i kommunane frå 1/7 2013. Det vert her viktig at organisasjonar og næringsinteresser, til dømes landbruket, spelar inn sine interesser til det kommunale plansystemet, slik at det kan vurderast inn og vedtakast som ein del av overordna mål og planstrategi. Det kan bli auka trong for å sikre eigne interesser i kommuneplanen, så det vert viktig å stå på for si sak, presiserte Sandvik.
Det vart stilt spørsmål om det ikkje er ein fare for at dispensasjonssøknader i 100- metersbeltet kan bli praktisert ulikt mellom kommunane og såleis skape ulikheit for lova, mellom anna mellom bønder og grunneigarar over kommunegrenser.
- Sandvik kommentere at det nye kommunale plansystemet vil kunne avgrense ein slik fare for ulikskap. Fylkeskommunen kan også spele ei rolle som politisk premissleverandør, rådgjevar og samarbeidspart til kommunen i samband med innføring av kommuneplanen, også i eit interkommunalt planperspektiv, og såleis stimulerer til felles forståing og praktisering av lovverket.
Verknad for landbruksnæringa:
Det vert viktig å fremje landbruksnæringa sine næringsformål og trong for ny/fornying av bygningsmasse knytt til tradisjonelt landbruk, landbruksturisme og anna verdiskaping knytt til landbrukseigedomar i strandsona sitt 100- metersbeltet. Det må såleis opparbeidast gode arbeidsrutinar for å fremje dette inn mot kommunen sin kommuneplan innan 1/7 1013, der Bondelaget må kunne ha ei viktig rolle i dette overfor kommunen.
