Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Kulturarven vår

Publisert 20.04.2009

Kulturlandskapet, med sine fargerike enger, beitende dyr, gamle skigarder og driftsbygdningar er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår, skriv styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Anne Berit Espeseth (biletet) i eit lesarinnlegg i avisene i fylket.

Jordbrukslandskapet med sine åkrar, enger, gardstun, skogholt og kantesoner gir grunnlag for eit rikt og mangfaldig dyreliv som skaper liv og variasjon rundt oss. Mykje av dette dyrelivet finn vi berre i jordbruksområda, og til dømes er rundt 60 % av dagsommarfuglane våre heilt knytte til kulrurlanskapet. Ønskjer vi å behalde eit variert og rikt dyreliv rundt oss, er det nødvendig med eit levande og aktivt skjøtta jordbrukslandskap der vi klarer å tilfredstille ein del av desse krava.

Motiva for å ta vare på det biologiske mangfaldet er mange. Det kan til dømes vere direkte økonomisk nytte i form av jakt på vilt eller sanking av bær og grønsaker, det kan vere av omsyn til eigen trivsel, eller det kan vere av respekt for komande generasjonar sine høve til sjølv å velje sin livsstil.

Ein kan sjå på forvaltninga av naturmiljøet rundt oss som eit spegelbilete av korleis vi tek vare på oss sjølv. Skapar ikkje eit einsformig landskap også lett einsformige menneske? Er ikkje øydelegging av kulturminne og forureining av jord og vatn eit teikn på at vi ikkje bryr oss om våre historiske røter eller kva vi får i oss av skadeleg stoff? Eit variert og velstelt landskap, rikt på historiske minne, gir eit klart signal om at her lever nokon som viser omsorg og kjærleik for naturgrunnlaget. Det er menneske som bryr seg om eige velvere, sine etterkomarar og sine medmenneske. Med ein slik haldning i samfunnet har vi samtidig komme langt i å ta vare på det biologiske mangfaldet.

Jordbruket sitt kulturlandskap har av mange grunner i dei seinare åra komme stadig meir i fokus. Kulturlandskapet med sine fargerike enger, beitande dyr, gamle skigardar og driftsbygningar er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Menneskeleg aktivitet har gjennom fleire tusen år forma det landskapet som i dag er ein del av den norske folkesjela. Det norske landskapet er noko vi lengtar heim til, noko vi gler oss over anten det er ein grå haustmorgon med eit trist morgonlys og regntunge skyer, eller ein vakker sommardag der berre lukta av nyslott høy vekkjer nostalgiske minne.

Ei miljøvennlig forvaltning av landbruket sitt kulturlandskap er i dag eit viktig element i landbrukspolitikken. Vi ønskjer at god landskapspleie skal vere ein del av den kvalitetsprofilen vi har på norske matvarer. Inntrykket av eit vakkert kulturlandskap er med på å skape den nødvendige tilliten hos forbrukaren som gjer han/henne trygg på norske matvarer.

I fleire stortingsmeldingar er det nedfelt kor viktig det er å ta vare på kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet. Bevaringa av kulturlandskapet har vorte ein viktig del av virkemiddelbruken i landbruket. Skjøtsel av landskapet krev først og fremst innsats frå bonden, men også frå lokalsamfunnet, forvaltinga og frå styresmaktene.

Landbruksstyresmaktene forvaltar dei fleste økonomiske verkemidla som i det alt vesentlege vert avsett over jordbruksavtalen. Det inneber at det norske Storting har gitt ein politisk aksept på at bevaring av kulturlandskapet er eit prioritert innsatsområde. Miljøvernstyresmaktene ved Direktoratet for naturforvaltning disponerer også ein sum med økonomiske verkemiddel med direkte verknad for kulturlandskapet.

Fordi det er nødvendig å ta vare på jordbruket i fylket og elles i landet vårt, er det viktig at styresmaktene gir bøndene et skikkelig løft i form av budsjettmidlar ved årets jordbruksoppgjør.                                                                 

 

CorePublish publiseringsløsning