Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Jordvern: Lærdal Bondelag krev utgreiing av alternativ trasè for E16

- Vi krev at Statens Vegvesen og Lærdal Kommune greier ut eit alternativ med ein lang tunnel frå Lunde til Stuvane på trasèen E-16 Håbakken – Stuvane, seier nyvald leiar i Lærdal Bondelag Dagfinn Wendelbo. Det var på årsmøtet i Lærdal Bondelag tidlegare denne veka at saka kom opp.

Styret i Lærdal Bondelag f.v. Dagfinn Wendelbo, Berit Kaardal, Harald Hunderi og Hallvard Eri. Foto: Per Hilleren.- Me må ikkje enda opp med at det beste alternativet for bygda ikkje vert med utgreidd, held den nyvalde leiaren fram.  Han fryktar at ei utbetring etter dagens trasè eller annan ny trasè i dagen vil medføre at svært mykje av den verdifulle dyrka marka i Lærdal går tapt.  - Det kan vi ikkje akseptere, held han fram

- Det er viktig at vi engasjerer oss i det som skjer lokalt i kommunane seier den nyvalde, men rutinerte bondelagsmannen.  Mange avgjerder som vedkjem oss som bønder og grunneigarar vert vedteken i det lokale demokratiet.  Der må vi vere på bana.  Wendelbo tek over som leiar i Lærdal Bondelag etter Jens Reidar Ljøsne.

CorePublish publiseringsløsning