Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Jølster og Eid Bondelag fekk årets vervepremie

Publisert 12.03.2010

I samband med årsmøtet i fylkeslaget fekk Jølster Bondelag og Eid Bondelag tildelt den årlege vervepremien. Vervepremien gjekk i vårt fylke til lokallag som har oppnådd størst auke i medlemstalet, kombinert med at lokallagsstyret har lagt ned eit godt arbeid i vervearbeidet.

Styret i Eid Bondelag som gjorde ein god jobb med vervearbeidet i 2009Norges Bondelag gjev såleis kr. 5000,- til alle fylkeslag, for ei årleg premiering av beste fylkesvise lokallag i verevarbeidet.

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag valde dette året å dele vervepremien på to lokallag; til det lokallag som fekk flest nye medlemmer og det lokallaget som har auka  medlemstalet nest mest og der grunnlaget for medlemsauken også var aktivt arbeid med saka i lokallaget.

Jølster Bondelag fekk vervepremien 2009 for 7 nye medlemmer i lokallaget. Eid, Stryn, Vikane og Davik/Ålfoten Bondelag auka alle med 6 nye medlemmer i 2009, men der Eid Bondelag gjekk av med vervepremien då dei kunne vise til størst engasjement i lokallagsstyret for det oppnådde ververesultatet.

CorePublish publiseringsløsning