Dei gav alle uttrykk for at råmaterialet som er den vakre naturen er fantastisk, men produktet manglar. Det er rett og slett for mykje og for liten fisk i dei fleste elvane og innsjøane. I årevis har forskarar og grunneigarar levd og handla i den tru at utfisking skulle vere løysinga, men det har i svært liten grad vore vellukka. På konferansen i Førde tok mellom anna Jon Museth frå Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) til ordet for at no er det anna kunnskap som gjeld. Fokuset i Førde var i svært stor grad retta mot ørret og storleik. Skal ein byggje opp eit reiselivsprodukt på ørretfiske tel storleiken, slik er det berre!
- Ørretfiske er ikkje matauk, slik vi opplever med sjøfiske, nei det er opplevingar, sa Flemming Wilberg frå XXL Adventure. - Vi sel draumen om storfisken, og då må han finnast. Skal det vere mogleg må forvaltninga bli langsiktig, og det vil vere heilt avgjerande med eit tett og samstemt samarbeid mellom og med grunneigarane. - Utan eit felles fokus kan vi aldri lukkast, sa mellom anna Wilberg. Han sa vidare at norske fiskarar har i årevis praktisert Catch & Release på småfisken. - No må vi innføre maksmål slik at all stor fisk vert sett ut att. Catch & Release må innførast på den viktige storfisken. Han avslutta si innleiing med å peike på fire avgjerande element for å kunne lukkast med næringsutvikling innan turistfiske på ørret:
- Forvaltninga må vere langsiktig
- Dei store ørrettane må takast vare på - det er storfisken som er produktet!
- Grunneigarane må ta forvaltarrolla si mykje meir på alvor. Eit godt og tett grunneigarsamarbeid må ligge i botnen. Elles vert det fånyttes.
- Eldsjelene og dei lokale entusiastane med eit hjarte for rett forvaltning må få sleppe til
Les meir om konferansen på fisketurismeinnland.no
