Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Industribær må styrkast

Publisert 26.01.2012

- Industrien etterspør norske bær til sitt syltety, utan at vi greier å levre dette i tilstrekkeleg grad seier leiar i Grøntutvalet for Vestlandet Brit Brækhus. Ved årets jordbruksforhandlingar må det stimulerast til ein betre økonomi i produksjonen av industribær held ho fram.

Brit Brækhus er leiar i grøntutvalet for bondelaga på VestlandetGod etterspørsel etter konsumbær gjev relativt sett dårlegare økonomi for produksjon av industribær, om ein ser vekk frå dei korte periodane då det er mest bær på marknaden, seier Brækhus.  Utfordringa vart drøfta på møte i det felles grøntutvalet for vestlandet sist veke.  Auka distrikts- og kvalitetstilskotet for industribær til eit nivå som gjer det meir lønsamt å satse på industribær må bli eit tema i jordbruksforhandlingane til våren seier Brækhus.  I 2011 vart det vedteke eit tilskot til eple og pære til industri.  Dette må utvidast til også å gjelde bær avsluttar Brækhus. 

CorePublish publiseringsløsning