Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Hanen Vestlandet drøfta strategival framover

- Det var spanande å delta på årsmøtet i Hanen Vestlandet og høyre på deira drøftingar kring framtidige strategival, seier Toril Øvrebø som representaerte Sogn og Fjordane Bondelag i årsmøtet tidlegare denne veka. Eli Grete Høyvik frå Interplan deltok i møtet for å fortelle om sitt grunnlagsdokument for strategiprosessen til Hanen, ein prosess ho og styret har jobba saman om gjennom intervju med ein del medlemmar.

I strategien kom ho inn på kritiske punkt for gardsmatprodusentane som produkt og marknadstilgang. Det kan synast enkelt å lage gode produkt men vanskeleg å få seldt dei. Når det gjeld reiseliv verkar det omvendt, marknadsføring og salsapparat er der, men det er både gode og dårlege produkt med utviklingspotensiale.  

Ho konkluderte vidare med at Hanen som organisasjon kan ha ulike vegval for sin framtidige strategi:

  • Å slå seg saman med til dømes Norges Bondelag for å oppnå styrke kan vere eitt alternativ
  • Å vere eit eige faglag for nettverksbygging og fagleg utvikling,
  • Å vurdere å splitte opp att i mat  og gardsoppleving.

Toril Øvrebø møtte på årsmøtet i Hanen i BalestrandDet vart i årsmøtet sagt at Hanen må nytte marknadsføringsressursane til å samarbeide med dei profesjonelle aktørane i reiselivet - Visit Norway og Fjord Norge.  Det var også  tydelege støtte til  ei vidareføring av Bondens Marknad samstundes som ein byggjer opp eit korps av gode rådgjevarar som yter hjelp til verksemder som vil inn i daglegvarekjeden, avsluttar Øvrebø som fører rekneskapen for organisasjonen.

 

CorePublish publiseringsløsning