Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Grøne sertifikat: Overgangsordningane er på plass

- Det er positivt at vi no har fått ei rask avklaring på overgangsordningane for grøne sertifikat, seir leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke, etter at olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i dag presenterte innhaldet i ordningane. - Sjølv om vi berre delvis har fått gjennomslag for tilbakeverkande kraft tilbake til 2004, er det grunn til å vere nøgd med at avklaringa har kome, og at fallrettseigarar og aktørar i småkraftnæringa no kan halde fram med planlegging og bygging fram til sertifikatordninga vert operativ i 2012, seier Bjørke

Illustrasjonsfoto.Overgangsordningane som er presenterte i dag, konkretiserer dei reglane som skal gjelde fram til sertifikat-start i 2012, etter at olje- og energiministeren 7. september i år kunngjorde ein prinsippavtale med Sverige om ein felles el-sertifikatmarknad. Ei slik konkretisering var heilt nødvendig for å hindre at vidare planlegging og bygging av småkraftverk skulle stanse heilt opp medan ein venta på den nye sertifikatordninga.

Dette omfattar overgangsordninga

Det er no konkretisert at overgangsordninga skal omfatte  alle kraftverk med byggjestart etter 7. september 2009. I tillegg vert tidlegare politiske løfte om tilbakeverkande kraft tilbake til 2004 innfridde, men med dei avgrensingane som vart lagde i Soria Moria I-dokumentet frå 2005, altså avgrensa til mikro- og minikraftverk. Eigarar av småkraftverk på over 1 MW kjem dermed ikkje inn under ordninga med tilbakeverkande kraft. Men nye småkraftverk på over 1 MW med byggjestart etter 7. september i år, kjem med i sertifikat-ordninga.

Avkorting

Dei kraftverka som har vore i drift før 2012, får ei avkorting av sertifikatordninga, slik at tal driftsår før oppstart av sertifikatordninga vert trekt ifrå tal år anlegget ordinært kunne få sertifikat. Det vert Norges Vassdrags- og energiverk (NVE) som vert tilsynsstyresmakt for el-sertifikatordninga. NVE skal etter søknad godkjenne kvart anlegg som skal få sertifikat. Korleis tidspunktet for byggjestart skal definerast og andre meir detaljerte kriteria for overgangsordninga vil bli fastsett i lov og forskrift.

Det beste som var mogleg

- Ein del småkrafteigarar som har starta bygging etter 1. januar 2004 vil nok bli skuffa over at dei likevel ikkje får dra nytte av el-sertifikat-ordninga, seier Nils T. Bjørke. - Likevel er nok dette det beste som var mogleg å få til politisk no, avsluttar han og understreker at det er viktig at ein no har fått den nødvendige avklaringa for vidare satsing framover.

Kontaktpersonar: Nils T. Bjørke og Terje Engvik

Her finn du pressemeldinga frå Olje og energidepartementet.

CorePublish publiseringsløsning