Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Glad det vart rovdyrforlik

Publisert 17.06.2011

-Eg er glad for at det vart forlik, og håpar at den nye rovviltpolitikken blir sett ut i livet, seier nestleiar og rovviltkontakt i Sogn og Fjordane Bondelag, Marit Flatjord.

Jerv: Gjennom rovdyrforliket ønskjer ein at tal ynglingar skal komme nærmare bestandsmålet. Partia på Stortinget kom torsdag kveld fram til eit forlik i norsk rovdyrpolitikk, som mellom anna set ei øvre grense for talet på bjørn i Norge. -Streifande hannbjørn står for ein stor del av skadane på beitedyr, og med den nye rovviltpolitikken vil det verte lettare å ta ut hannbjørn i beiteområde, seier Marit Flatjord. Ho er også letta over at bestanden av kongeørn no skal kartleggast betre, og at kongeørna skal inngå i overvakingsprogrammet på linje med andre rovviltartar. I rovdyrforliket heiter det at beitenæringa og lokalbefolkninga skal involverast meir aktivt i bestandsregistreringa av rovvilt, og Marit Flatjord meiner at det er viktig at ein framover registrerer sine observasjonar hos Rovdata i tillegg til hos Statens Naturoppsyn. -Det er på tide at vi finn ut kor mykje ørn det verkeleg er, poengterer ho.

Når det gjeld jerv og gaupe er bestandsmåla presisert. Tidlegare har talet på ynglingar lege over bestandsmåla, og bestandsmåla har vorte sett på som eit minimum. -Det ligg i rovdyrforliket at talet på ynglingar skal ligge nærmare bestandsmåla, og eg håpar vi vil sjå den politikken i praksis, avsluttar Marit Flatjord.

Av: Anita Sæther

CorePublish publiseringsløsning