Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Fylkesårsmøtet: Effektivisering, rasjonalisering og billegare mat til forbrukaren er ord som ikkje må stå i den nye meldinga.

Publisert 08.03.2010

Skal ei melding til Stortinget om Landbruks- og matpolitikken ha verdi for landbruket må det vere ei melding som syner ein annan veg enn gjeldande melding der fokuset i stor grad har vore effektivisering og strukturendring, sa fylkesleiar Per Hilleren mellom anna i si tale til fylkesårsmøtet. Særleg meir av den medisinen toler ikkje norsk landbruk om vi skal kunne oppretthalde ein landbruksproduksjon i heile landet.

Fylkesleiar Per Hilleren- Etter vårt syn bør ei framtidig melding til Stortinget heve blikket og sjå kva som skjer internasjonalt.  Ressursgrunnlaget i form av bruk av Norge sitt landbaserte areal må sjåast mot eit internasjonalt bakteppe der 1 milliard menneske ikkje vert mette kvar dag.  Matvaretryggleik må få ein sterk plass i denne meldinga.  Verda treng meir mat ,og vi har ei plikt  til å ta vår del av ansvaret.  Det vert fleire menneske i verda og det vert fleire menneske i Norge.  Nedgongen i jordbruksarealet er urovekkjande.  Det totale jordbruksarealet er no nede i 2,12 mål per innbyggjar her i landet.  Vi forventar at regjeringa i landbruksmeldinga set seg klare mål  om å oppretthalde og helst auke sjølvforsyningsgraden.  

Vi må ikkje stille oss slik at vi på kort sikt gjer vedtak som medverkar til at vi ikkje er i stand til å ha vår eigen matproduksjon i Norge.  Vi må ikkje stelle oss slik i rike Norge at kunnskap om matproduksjon forsvinn.  Vi må ikkje stille oss slik i vårt land at vi må importere alt vi skal ete.  Med ein politikk der marknadskreftene skal styre matpolitikken vil det verte resultatet.   Difor treng vi politisk styring og vi treng politikarar som syner ansvar for norsk matproduksjon i vårens jordbruksoppgjer og i arbeidet med den nye meldinga til Stortinget, avslutta fylkesleiaren.

CorePublish publiseringsløsning