Forvaltningsplanen for region 3 (Oppland) har vore oppe til revidering og har vore ute på høyring. Sogn og Fjordane Bondelag har skrive fråsegn i saka der dei mellom anna uttrykkjer stor uro over framlegget om å utvide yngleområda for jerv til også å gjelde grenseområda til Sogn og Fjordane.
- Når vi kjem til dei ulike framlegga til sonering, er fråsegna vår ei sterk bekymringsmelding over det vi ser er kome på høyring skriv fylkesbondelaget. Særleg gjeld dette framlegga til yngleområde for jerv, men også ei sterkare utviding av yngleområdet for gaupe. Vi finn fleire av dei alternative framlegga når det gjeld jerv som uakseptable sett i høve til den nasjonale rovviltpolitikken. I denne er det tydeleg sagt frå om at region 1 skal vere beiteprioritert området i heile regionen. Fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland midt i fjellheimen er ikkje noko naturleg avgrensing for jerven. Å nytte vassdrag og dalføre ved fastsetjing av grenser for yngleområde vil vere det einaste naturlege. Av den grunn finn vi dettotalt uakseptabelt å innlemme Breheimen og Jotunheimen i yngleområdet for jerv i region 3, skriv Sogn og Fjordane Bondelag i si fråsegn til fylkesmannen i Oppland.
Dei siste åra har SNO teke ut svært mange jerv i Sogn og Fjordane som eit ledd i den nasjonale rovviltpolitikken. Dette har vore heilt naudsynt for å kunne oppretthalde beitebruk i nokon av dei aller beste områda for beiting med sau i heile landet. Også villreinen vert påverka. Den sårbare villreinstammen i Vest-Jotunheimen var i ferd med å bli utrydda og i eit par år var det knapt nokon kalvar som overlevde sommaren. Rapportar frå Fjelloppsynstenesta i Luster kommune syner at uttaket har medverka til at reinen har kome i betre kondisjon med ei sterkare overlevingsevne for kalvane. - Vi ber rovviltnemnda i region 3 om å forkaste framlegget om å innlemme området sør for Ottadalen i yngleområdet for jerv., avsluttar Sogn og Fjordane Bondelag
Det er rovviltnemnda i region 3 som skal vedtak ny forvaltningsplan mellom anna med bakgrunn i dei fråsegnene som er komne inn.
