Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Fosseheimen Naturpark 4H gard i Viksdalen er opna

Publisert 20.05.2010

- Dette er ei perle nær inn under Gaularfjellet, seier styremedlem Elin Haugen som representerte fylkeslaget på opninga. Slikt arbeid som der er nedlagt er ikkje anna enn imponerande. Vertsfolket, Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim er i sin beste alder og dei veit å legge til rettes for trivsel, hygge og utfordringar. - Eg kan ikkje anna seie enn lukke til med eit flott prosjekt held Haugen fram.

Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim. Foto: Elin HaugenFosseheimen Naturpark 4H-gard er den andre godkjente 4H-garden i Viksdalen og i fylket.   - Det å bli godkjent som 4H-gard er eit kvalitetsstempel, og vi håpar mange, både 4H-medlemer og andre, vil ta i bruk alle dei tilboda vi har. Vi har mykje å tilby både barnehagar, skular, familiar og turistar, fortel Ståle Hetle.

- Vi har alle slags dyr som fanst på ein tradisjonell gard. Hestar, grisar, kveg, sauer, høner, kaninar, hundar og kattar. Du kan òg jakte, delta på hjortesafari, på guida turar eller fiske og padle i elva. Vi vil tilby opplæring i hundedressur, drive hundepensjonat og ha tilbod om riding og køyring med hest. Dessutan har garden og området interessante og mystiske historier rundt Isak Lyngstad og Hetlesaka. Fosseheimen Naturpark er unik og har noko unikt å tilby, slår Karina Hetle Solheim fast.

 

Open gard heile sommaren

Karina og Ståle har tidlegare jobba med prosjektet ”Inn på tunet”, som var retta mot born. Dei legg vekt på at garden gir rekreasjonsmoglegheiter og opplevingar tett på naturen. Dei har nært samarbeid med Eldalstunet og med Fossestien, og har tatt del i eit prosjekt kalla ”På veg” i lag med Mo og Jølster Vidaregåande skule.  Fosseheimen Naturpark har òg samarbeid med Jeger og Fiskeforeningen og med hundeforprodusenten Kingsmoor.    - Samarbeid og nettverk er kjempeviktig for å komme vidare. Vi har mange støttespelarar i bygda, og ser og kjenner at Viksdalen er i god trend framover, seier Karina Hetle Solheim.

Fosseheimen Naturpark 4H-gard er allereie open for grupper som vil besøke garden. I sommar blir garden open kvar torsdag og andre dagar etter førespurnad.  - Kvar torsdag i heile sommar kan born og andre komme innom og bruke området, møte dyra og ri på hest.

Mykje folk var samla på Viksdalen den 15. mai.  Foto: Elin Haugen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

CorePublish publiseringsløsning