Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Fin medlemskveld for landbruket i Gloppen

- Samstyret av bondelaga i Gloppen spurde tidlegare i sommar Hildegunn Gjengedal om ho kunne tenkje seg å bruke ein kveld til å informere oss om EU,EØS og WTO. Ho er frå Gloppen, og arbeider som direktør for Landbruket sitt Brüsselkontor, seier leiar i Breim Bondelag Margunn Bjørkelo. (Bilete: Breimsbygda sett frå Eggenipa. Foto: Vidar Sandal)

Hildegunn Gjengedal informerte litt om EU,og la fram litt tal, mellom anna viser statistikk at EUsin folkesetnad brukar ein større del av inntekta si på mat enn her i Norge.  Ho synte også at variasjonane i dei ulike EU landa er svært store, mellom anna når det gjeld storleik,og sysselsetjing innanfor landbrukssektoren.  Det har,og blir, stadig vekk innført nye reformar innanfor EU.  Det har vorte så mykje av dette at folk har fått meir enn nok av berre ordet reform,s å no har ministeren gått over til å kalle det for ein 'Helsesjekk'.  Utfordringane innanfor landbruk er mykje like dei som vi i Norge har,og såleis er det vanskeleg å bli enige om en felles politikk, seier Bjørkelo

Bilete: Breimsbygda vil møte store utfordringar gjennom WTO forhandlingar og i eit møte med EU-landbruket

Når det gjeld WTO, så er vel dei fleste enige om at kriteria som blei sett når første forhandlingsrunda byrja,er endra. Likevel fortset forhandlingane som før,og det er vel en del av grunnen til at dei ikkje vert enige. Mange vil vel også seie at fri flyt av varer mellom landa ikkje er hovudmål,men markedsadgang.  Eit tal som ein bør merke seg: 90 % av alle matvarer som vert produsert blir brukt innanfor eige land,kun 10 %kryssar landegrenser.  Så desse få prosentane er altså bakgrunn for WTO!
Det vil få store konsekvensar for den norske landbruksproduksjonen om tollvernet vert redusert,eller fell vekk.  Det vil rasere eigen matproduksjon,og i krisesituasjonar vil stopp i eksport av mat bli noko av det første land set i verk, jamfør situasjonen med ris i India.   Det er difor svært viktig at vi greier å oppretthalde eigenforsyning av mat.  - Om vi oppsummerer møtet så hadde vi ein lærerik og fin kveld der gode lokale råvarer også hadde ein viktig plass, avsluttar Bjørkelo.
 

CorePublish publiseringsløsning