Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

- Eg er stolt av å vere bonde

Publisert 06.04.2011

- No er eg for det meste engasjert i landbruksnæringa, og eg er stolt av å vere bonde, var opningsorda då tidlegare svensk statsminister Göran Persson opna 7-fjells-konferansen om fonybar energi i Bergen. - Og eg nyttar mykje av kreftene mine på å arbeide med fornybar energi basert på landbruksressursar som skogsråstoff og gjødsel, heldt han fram.

Gõran Persson på 7 fjells-konferansen- Trusselen knytt til temperaturauke og andre klimaendringar som følgje av auka CO2-utslepp frå fossilt brensel er som ein kreftsvulst for heile kloden, sa Gøran Persson. - Tida er knapp. - Handlar vi ikkje no, kan det bli uleveleg her for våre barnebarn, slo han fast. Utsleppa frå fossilt brensel må stansast, og nye, reine energikjelder må fram i stor skala, var bodskapen.

Teknologiutvikling

- Mykje er likevel i ferd med å skje. - Eg har tru på at teknologiutviklinga framover vil gjere alternative energiløysingar stadig meir konkurransedyktige og aktuelle, sa Persson  - ikkje minst innan transportnæringa. I Sverige passerte skogen i fjor olja som den viktigaste Næringslivet i Bergen lyttar til Göran Perssonenergikjelda i landet, så ting skjer. - Skal vi greie å få fram dei nye energikjeldene tilstrekkeleg rask, må vi ha eit relativt høgt prisnivå både på olje og elkraft, peika han på.

Skandinavia som batteri

- Skandinavia er i ei særstilling når det gjeld mulegheiter for fornybar energi, saGøran Persson. For solenergi er vi ikkje best. Men med vasskrafta i tillegg til vind- og skogressursane er vi svært godt rusta til å produsere alternativ energi. Og vasskrafta gjer det mogleg å levere batterikapasitet til Europa og dermed vere backup for produksjonen av sol- og vindendergi lengre sør. - Ein slik batteri-funksjon vil gi vasskrafta større verdi enn til reint innanlands forbruk, meinte Persson.

Av: Terje Engvik

CorePublish publiseringsløsning