Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Du kan kome med innspel til den nye Landbruksmeldinga om landbrukspolitikken

- Norges Bondelag er i gang med å formulere ut sitt første innspel til Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med ei ny stortingsmelding om landbruket, seier fylkesleiar Per Hilleren. Med bakgrunn i dette har bondelaget sentralt oppretta ei eiga temaside på nett der du kan komme med dine innspel til meldinga. Bruk sjansen, seier fylkesleiar Hilleren.

- Det er framleis mykje som er uavklart når det gjeld arbeidet med den nye meldinga, men det er gjeve meldingar om at ein ynskjer innspel kjapt når det gjeld å formulere ut viktige temaområde som bør utgreiast, held fylkesleiaren fram.

Norges Bondelag sentralt har oppretta eigne temasider for meldinga.  der du som medlem mellom anna kan komme med dine innspel.  Landbruks- og matdepartementet vil invitere til eigen regionale møte i nokon fylke.  Så langt er ikkje detaljane klar, men fylkesbondelaget har fått melding frå fungerande landbruksdirektør Arne Sandnes om at det skal vere møte i Bergen den 23. februar og den 5. mars for vestlandsfylka vedkomande den nye landbruksmeldinga. Der det vert ei brei målgruppe frå organisasjonane i landbruket og det offentlege inviterte.  Fylkesmannen i Hordaland  ville kome tilbake med program og  invitasjon.  Så snart vi veit meir vil det verte informert om dette på heimesida.

CorePublish publiseringsløsning