Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Drøftar yngleområde for jerv på møte i Oslo

Publisert 22.08.2011

- Det er bra at Norges Bondelag har kalla saman representantar fro beitenæringa i Oppland og Sogn og Fjordane for mellom anna å drøfte revidering av forvaltningsplanen for rovvilt i Oppland, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det er ikkje til å legge skul på at vi og Opplendingane ikkje er samde når det gjeld kvar grensene for yngleområdet bør gå, held han fram.

Det er først og fremst det utvida alternativet for yngleområdet for jerv i region 3 som skapar sterk uro hos småfehaldarane i Indre Sogn.Saman med Arne Øvreås frå Skjolden og Lars Nesse frå Lærdal er Hilleren i Oslo for å drøfte saka i dag.  - Sett med våre auge vil ei utviding av ynglesona for jerv til også å innlemme Breheimen og Jotunheimen i denne vere totalt uakseptabelt.  -Ein  løyser ikkje utfordringane for beitenæringa i Noreg ved å utvide ynglesonene for dei ulike rovviltartane, meiner Hilleren som ser fram til møtet i Oslo med spaning.  Det er først og fremst når det gjeld deira framlegg om å utvide yngleområdet for jerv at vi er usamde med Opplendingane seier Hilleren.  - Eg kan forstå at dei ynskjer å redusere belastninga i dei områda som også har tilsig av mykje bjørn og ulv frå aust, men eg er usamd i at det å flytte yngleområda for jerv vestover vil gje mindre skadepress i desse områda.  Innvandinga frå aust vil halde fram så lenge der er tisper lenger vest som freistar hannane avsluttar Hilleren.

CorePublish publiseringsløsning