Festivalen vart opna av leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget Erling Sande. Han snakka varmt om levande kulturlandskap og levande bygder. Sidan festivalen vert skipa til kvart 4. år vart hans opning avslutta med at han tente klimaflammen som skulle brenne til festivalen var slutt. Klimaflammen har sitt utspring i eit prosjekt der bøndene ser føre seg å kunne utvinne biogass av husdyrgjødsla i bygda. Ei bygd som denne dagen synte seg frå si beste side med flott ver og blide menneske.
- Det får no våge seg at eg og nestleiar Jon O. Nummedal ikkje nådde opp i rundballe VM. Vi var rett og slett ikkje sterke nok, og det skorta nok også litt på teknikken, humrar ein blid fylkesleiar som hadde ein flott dag i Fjærland saman med resten av fylkesstyret.


