Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Breheimen-Mørkridsdalen: Rovdyr ikkje ein del av verneverdien i Breheimen

Publisert 29.06.2009

- Eg finn det underleg at Direktoratet for Naturforvaltning i si tilråding til vern av Breheimen omtalar rovdyr som noko av verneverdiane i Breheimen- Mørkridsdalen, seier organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag Merete Støfring. Vi forventar at Miljøverndepartementet utelet rovvilt som ein del av verneverdiane i området. Det er andre Stortingsdokument som ligg til grunn for rovviltpolitikken - ikkje vernevedtak av einskildområde.

Jerv skoten i Luster.I desse dokumenta vert det lagt til grunn at beitedyra skal ha prioritet framom rovviltet i Breheimen.  Då kan ikkje DN snikinnføre annan politikk gjennom innspel i andre ulike saker.  Direktoratet for naturforvaltning seier i si tilråding under punkt 1.2. Verneverdier ”Store rovdyr (særleg jerv) og fleire rovfuglartar er også registrerte innanfor verneområdet.”

Norges Bondelag krev i eit brev til departementa at regjeringa må utelate rovdyr som ein del av verneverdiane for Breheimen-Mørkridsdalen. Norges Bondelag vil understreke at det er  St.mld.nr.15 (2003-2004) og Innst.S.nr 174  (2003-2004) som skal ligge til grunn for rovdyrforvaltninga, heiter dte i brevet.

CorePublish publiseringsløsning