Klagen til Miljøverndepartementet vert sendt med bakgrunn i rovviltnemnda i Oppland sitt vedtak datert 13. oktober 2011 der dei går inn for å utvide både ynglesoner for jerv og gaupe vesentleg. Forvaltningsplanen for Oppland er til fagleg vurdering i DN og skal seinare skal attende til nemnda for endeleg vedtak.
Vedtaket i region 3 vil slik det no ligg føre medføre at heile Breheimen og heile Jotunheimen vert innlemma i yngleområdet. Det vil seie at grensa for yngleområdet vert samanfallande med grensa til region 1 (fylkesgrensa til Sogn og Fjordane) som Stortinget har vedteke skal vere eit beiteprioritert området. Region 3 sin tidlegare forvaltningsplan tok omsyn til at dei store dalføra er barrierar for jerven medan det er fri flyt av dyr over fylkesgrensa. Det gjer dei ikkje no.
- Vi ynskjer med dette å klage avgjerda i rovviltnemnda i region 3 inn for Miljøverndepartementet. Dette med bakgrunn i at det med avgjerda i region 3 i praksis vil verte heilt umogleg å oppretthalde region 1 sin status som beiteprioritert området. Vestlandet vil verte opna for jerven, seier ein noko fortørna fylkesleiar i Bondelaget. I planen for Oppland står det til dømes: … Fylkesmannen er klar over de utfordringer en slik sonering kan skape i forhold til region 1/Sogn og Fjordane fylke med økt press fra jerv mot de områdene som ikke har bestandsmål. Samtidig vil en utvidelse av yngleområdet mot vest gi større mulighet for å oppnå bestandsmålet innenfor sonen i region 3/Oppland. Videre skjer utvidelsen i et område der det er lav tetthet av sau i region 3, og ved å innlemme ynglingene i Breheimen og Jotunheimen tas noe av presset bort fra de mer sauerike områdene mot øst i fylket.
Vidare heiter det: …. Ved å innrette virkemidlene (skadefelling/lisensfelling) slik at det blir en forskyving av yngleaktiviteten til områder med lav tetthet av sau mener Fylkesmannen at tapstallet i næringa i region 3, men også i Sør-Norge generelt, vil reduseres totalt sett……
- Med andre ord så legg Fylkesmannen og rovviltnemnda i Oppland opp til å fjerne ynglingar i aust og auke tal ynglingar vest i fylket med dei konsekvensar det vil får for region 1. Jerven vil trekke dit maten er, og hannjerven vil trekke dit tispene er, så etter vårt syn vert det ein feil konklusjon å påstå at tapstala vil gå ned om ein opprettar ein større bestand av jerv lenger vest i Oppland slik rovviltnemnda i region 3 med sitt vedtak legg opp til, seier ein tydeleg Hilleren. Vedtaket vil medføre at store deler av Oppland og grenseområda i region 1 vil verte ueigna for sauehald. Alle som kjenner topografien i desse områda samt innmarksarealet til vestlandsbonden veit at å setje i verk skadeførebyggjande tiltak i desse fjellområda er umogleg, held fylkesleiaren fram.
