Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Småkraftprosjekt i vest vil bistå bønder

Prosjektet ”Småskala kraftverk – næringsveg i bygdene på Vestlandet” er i regi av Norges Bondelag og femnar om fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Tidlegare disponent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Terje Engvik (biletet) er tilsett som prosjektleiar for det 3-årige prosjektet. Terje treff du på Bondelagskontoret i Førde. Han har telefon 57 83 70 86 /975 17 111

Hovudmålet i prosjektet er å stimulere til og sikre ei miljøforsvarlig utbygging av mini- mikro- og småkraftverk med vekt på lokalt eigarskap og verdiskaping med basis i garden og bygda sitt ressursgrunnlag.

Vegen fram til eit ferdig kraftverk er lang og krev mykje kunnskap på mange fagfelt. Her må ein vurdere nedbørsfelt og fall, fordeling av fallrettar mellom grunneigarar, planlegging av rørgate og kraftverk, konsesjonssøknad, line for levering av kraft, avtalar om sal av kraft, finansiering og drift. God planlegging, rette avtalar og god kommunikasjon mellom sentrale aktørar er viktig for om dette skal bli lønsame utbyggingar for grunneigarane.

Tidlegare fylkesleiar i M&R Bondelag, nestleiar i Norges Bondelag og stortingsrepresentant, Jørgen Holte frå Volda, representerer bønder som har bygd kraftverk i styringsgruppa for prosjektet. Han er styreleiar i Folkestad kraftverk i Volda.

Ynskt resultat av prosjektet

Auka medvit rundt verdien av eigne vassressursar og eit godt grunnlag for å ta gode avgjerder

Bønder og grunneigarar har framleis råderett over ressursane, eller gode avtaler med kjøparar eller medeigarar

Garden og lokalsamfunnet er sikra verdiskapinga frå vassressursane

Det er laga gode planar som tek omsyn til både økonomi og miljø

Det lokale og regionale kraftnettverket er styrka og er i mindre grad ein flaskehals for etablering av småskala kraftverk.

Dialogen og samarbeidet mellom politikarar, grunneigarar/utbyggere og forvaltninga er styrka

Kontaktinformasjon prosjektleiar Ter Engvik: terje.engvik@bondelaget.no.   57837086/97517111

 

  • Aktiv oppstartperiode i Bondelaget sitt småkraftprosjekt

    [15.01.2009] - Det er godt å kunne slå fast at Bondelaget no er aktivt engasjert i småkraftnæringa og har eit tilbod til fallrettseigarane, seier leiar i styringsgruppa for prosjekt småskala kraftverk, Cesilie Aurbakken etter det andre møtet i styringsgruppa. Prosjektet har vore gjennom ein hektisk oppstart-periode sidan oktober. Informasjonsarbeid av alle slag retta mot fallrettseigarar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er i full gong, og vil bli prioritert i det vidare prosjektarbeidet.

CorePublish publiseringsløsning