- Småkraftdagane er eit flott fagarrangement som samlar heile småkraftbransjen til eit årleg fag-treff, seier Terje Engvik, som i år deltok både med stand for Småkraftprosjektet og Bondelaget og med fagforedrag. -Småkraftforeninga legg ned eit stort og solid arbeid med dette arrangementet, der det er rikeleg med fagleg påfyll og viktige næringspolitiske debattar for over 400 deltakarar. - Med markering av småkraftprosjektet på stand i år fekk vi kontakt med mange interesserte fallrettseigarar - både bondelagsmedlemmer og andre, slår Engvik fast.
Julfoss Kraft
Småkraftdagane vart avslutta med ekskursjon til vasskraftlaboratoriet ved NTNU i Trondheim og til eit nytt småkraftverk i Stjørdal - Julfoss Kraft. - Dette kraftverket på ca. 2,4 MW installert effekt er eit flott døme på korleis grunneigarane har gått saman og realisert ei ny inntektskjelde for gardane, seier Terje Engvik. Under synfaringa var dei seks grunneigarane representerte ved Ragnhild Aftret, som orienterte
om arbeidet med å få realisert småkraftverket. Grunneigarane hadde mange tilbod frå utbyggingsselskap som ville leige fallrettane deira. Etter ein grundig prosess valde dei likevel å gå saman om å planlegge og realisere ei utbygging på vel 30 millionar kroner i eigen regi. Med innleige av kompetent hjelp gjekk denne prosessen greitt. Naturvernforbundet greidde å seinke prosessen med eitt år ved å anke konsesjonen frå NVE til Olje- og Energidepartementet. Anken førte ikkje fram, og no har Julfoss Kraft produsert rein og klimavennleg fornybar energi i ca. eit år. - Berre synd at inntektene til grunneigarane no framover vert monaleg dårlegare enn vi hadde føresett, uttrykte Ragnhild Aftret. - Det ser diverre ikkje ut som vi kjem med i overgangsordninga for elsertifikat, sjølv om dette tidlegare har vore lova. - Vi skal likevel få det til å gå rundt, og på sikt skal dette bli ei god og sikker tilleggsnæring for oss og etterkommarane våre, avslutta ho.
- Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik
- Bondelaget sine temasider om småkraft som næringsveg
