Søk

Du er her:

Småkrafta viktig for kommunen

Publisert 27.05.2011

- Landbruksnæringa er svært viktig for kommunen, slo ordførar Anders Ryssdal fast då han i lag med lokale småkraftinteresser møtte styringsgruppa for Bondelaget sitt småkraftprosjekt i samband med styringsgruppemøte i Gloppen. - Og med småkraft som ei viktig tilleggsnæring har landbruket fått ei ny og god inntektskjelde. - Gloppen har til no bygd ut over 250 GWh småkraft, og meir kjem. Med eitt unntak har all småkraftutbygging i Gloppen skjedd fullt ut i grunneigarregi. - Dei positive verknadene for kommunen er store, slo ordføraren fast.

Bjørn Harald Haugsvær og Astrid Solbeg i Teitafossen KraftBondelaget sitt småkraftprosjekt er no inne i det tredje og siste prosjektåret. Styringsgruppa hadde lagt det siste ordinære styringsgruppemøtet før prosjektslutt til ein av dei viktigaste småkraftkommunane i landet - Gloppen. Etter ordinært styringsgruppemøte var det lagt opp til faglege orienteringar frå ulike representantar for småkraftnæringa i kommunen og til slutt synfaring av to grunneigareigde kraftverk. - Her er det tydeleg at småkrafta har ein viktig og sentral rolle i næringslivet, slo styringsgruppeleiar Astrid Solberg frå Norges Bondelag fast etter ein dag fullpakka med småkraftfag - og i skikkeleg godt vestlandsk energiver.

Kraftsal

Monica Heggheim, dagleg leiar i Fjord Energi, orienterte styringsgruppa om selskapet, som omset kraft for og er eigd av lokale småkraftverkseigarar. Selskapet er ganske unikt i kraftbransjen. Det vart skipa for å sikre ei trygg og god kraftomsetning for dei lokale kraftverka. - Men vi har ikkje avgrensingar på kven som kan levere kraft til oss, understrekte Monica Heggheim. - Vi har leverandørar spreidde på fleire fylke.

Småkraft i verna vassdrag

Einar Gimmestad orienterte om arbeidet til ei gruppe lokale grunneigarar som hadde engasjert seg for å kombinere vern med lokal næringsutvikling. Gloppen har mykje verna areal, mellom anna landskapsvernområde og verna vassdrag. - Større fleksibilitet må til  i samband med skånsame småkraftutbyggingar i verna vassdrag, slo Gimmestad fast. - Vi har kontakt med mange grupper kring i landet som ynskjer eit meir fleksibelt regime for å få utnytta næringspotensialet betre utan at det går ut over dei reelle verneformåla. - Men sjølv om mange har sympati for saka, ser det ut til å vere tungt å få gjennomslag for endringar i regelverk og praksis, konstaterte han.

Styringsgruppemedlemmer og grunneigarar ved inntaket til Byrkjelo KraftDei to kraftverka som styringsgruppa vitja, låg begge på Byrkjelo. Ein av dei 4 eigarane - Hans J. Førde orienterte om Teitafossen Kraft, eit av dei mindre kraftverka i kommunen på kring 1 MW installert effekt. - Vi er litt utypiske ved at vi har under 10 meter fall, fortalte Førde. - Men så har vi til gjengjeld mykje vatn. Kraftverket ligg i hovudvassdraget gjennom bygda.

Grunnrenteskatten

Styreleiar og dagleg leiar i det største grunneigareigde kraftverket i landet, bonde Atle Støyva, orienterte styringsgruppa om kraftverkssatsinga til 25 gardar med fallrettar i elva. Kraftverket er så stort at det sprenger grensene for småkraftdefinisjonen. Men så er det også mange eigarar som deler på engasjementet. Verket har ein installert effekt på snautt 15 MW og produserter kring 60 GWh pr. år. - I utgangsupunktet hadde vi eit godt og lønsamt prosjekt, fortalte Atle Støyva. Men  fleire uheldige utslag av grunnrenteskattleggjinga fører til at resultatatet forsvinn med skatten. - Som følgje av urimelege grunnrentereglar betaler vi i realiteten godt over 100% i skatt. - Grunnrenteskattereglane vart etablerte med tanke på heilt andre produksjonsanlegg enn grunneigareigde elvekraftverk. - Her må regelverket endrast viss styresmaktene meiner alvor med satsing på fornybar energi, avslutta Støyva.

  • Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik
  • Bondelaget sine temasider om småkraft som næringsveg
  • Av: Terje Engvik

    CorePublish publiseringsløsning