Seminara er retta mot grunneigarar som vurderer å nytte ut fallretten sin til småkraftutbygging, og ein går gjennom alle sentrale tema som fallrettseigarane må ha fokus på i samband med utbyggingsprosjekt. På seminar-runden i Nordland var det i tillegg til foredragshaldarar frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt og Småkraftforeninga, med representantar frå NVE og frå ein finansieringsinstitusjon.
Gjennomgang av fallrettane
Eikvar småkraftplanlegging må starte med ein gjennomgang av fallrettane. Som regel er det fleire grunneigarar inne i biletet. Det er viktig å få slått fast korleis fallrettane fordeler seg, korleis ein bør gå fram viss det er uvisse eller usemje om fallrettane, og kva for avtalereguleringar det er trong for mellom grunneigarane. Seminara startar med ein slik gjennomgang, før ein går over på prosessen med planlegging og prosjektering av småkraftverk.
Konsesjonsplikt
Vurdering av konsesjonsplikt for eit småkraftverk og prosessen med konsesjonssøknad og handsaming av søknaden er også eit sentralt tema seminardeltakarane får innføring i. Godt planlagde og gjennomførte småkraftutbyggingar kan gi god lønsemd, men investeringane er ofte store. Finansiering av prosjekta, med eigenkapitalkrav og lånevilkår vert det også tatt ein gjennomgang av på seminara.
Grøne sertifikat
Topp aktuelt småkrafttema i haust er dei grøne sertifikata frå 2012, som Regjeringa har skrive prinsippavtale om med Sverige. Sertifikata kan auke lønsemda i småkraftbransjen kraftig og gjere mange fleire prosjekt interessante for utnytting. På småkrftseminara tar ein også føre seg dei ulike utbyggingsformene, i rein grunneigarregi, i lag med ein utbyggingspartnar, eller ved rein bortleige av fallrettane til ein utbyggar. Grunneigarane bør vurdere nøye kva for utbyggingsform som høver for dei. Generelt gjeld det at utbygging i eigen regi normalt vil gi den største verdiskapinga til garden og til bygda.
Seminara i Mosojøen og Narvik er også omtalt på Nordland Bondelag si nettside. For meir informasjon om småkraftseminar og andre informasjonstilbod om småkraftutbygging, kontakt prosjektleiar Terje Engvik i Prosjekt småkraft som næringsveg.