400 fallrettseigarar, småkrafteigarar, utstillarar og andre bransjefolk var samla til fagleg påfyll og debattar. Framståande energipolitikarar var også på plass, men olje- og energiministeren måtte melde avbod og sende vikar - statssekretær Sigrid Hjørnegård.
Sympati for felles nettariff
I hovudinnlegget sitt hadde statssekretær Sigrid Hjørnegård tre viktig hovudfokus:
- Småkraft er ei flott og viktig næring som gir både rein, fornybar energi og verdiskaping på bygdene.
- Det vert jobba hardt i departementet for å få på plass føresetnadene for og innhaldet i den felles sertifikatordninga med Sverige frå 2012 og
- Nettinvesteringar i Norge har vore forsømt dei siste 20 åra, dette må no takast att.
Ho uttrykte også klar sympati for tanken om ein felles nettariff for heile landet, slik at ein ikkje risikerte at lokale straumkundar måtte ta rekninga for at ny, fornybar energi vart transportert ut av distrikta.
Vegen mot sertifikatordning
I plenumsdebatten som følgde innleiingane til Sigrid Hjørnegård, leiar i energi- og miljøkomiteen Erling Sande og informasjonssjef i Statnett Tor Inge Akselsen, fokuserte Terje Engvik frå Norges Bondelag på vegen fram mot sertifikatordninga som skal komme frå 2012. - Eit viktig ledd i arbeidet fram mot seritifikatordninga er å få på plass Norge sine konkrete fornybarmål i samband med EU sitt fornybardirektiv, peika Engvik på og etterlyste tidspunkt for oppstart av dei konkrete forhandlingane med EU om fornybardirektivet. - Ambisisøse fornybarmål her vil gjerne også føre til auka forståing for fleksibel utnytting av småkraftressursane i tilknytning til verna
vassdrag og andre verneområde, peika han på og heldt fram at skjematiske reglar sjeldan gav den beste avveginga mellom nærings- og miljøomsyn.
Uheldige døme på manglande eller dårlege løysingar i verna vassdrag grunna eit skjematisk regelverk vart tekne opp av fleire i debatten vidare. Andre heite debattema var nettmangelen, luftleidningar kontra kablar og vonbrotet over at ikkje alle småkraftverk har fått sertifikat med tilbakeverkande kraft frå 2004.
Kontaktperson: Prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt småkraftprosjekt
